Ann Cathrin Eriksen
Ann Cathrin Eriksen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. september 1971 (53 år) Bodø |
Yrke | handballspelar |
Høgd | 177 centimeter |
Ann Cathrin Eriksen (fødd 9. september 1971) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bodø som vann EM-gull 1998, VM-gull 1999 og OL-bronse i 2000.
Kantspelaren melde seg inn i topplaget Byåsen IL i 1990, og spelte på laget frå Trondheim til ho trappa ned. Ho meisterskapsdebuterte for Noreg under handball-VM 1995, der ho var med å tape bronsefinalen mot Danmark. Korkje i 1996 eller 1997 fekk ho plass i dei norske handball-troppane til OL, EM og VM. Derimot var ho med då dei norske handballkvinnene slo Danmark med åtte mål i EM-finalen 1998, sjølv skåra ho to av Noregs 24 finalemål i det som var hennar beste meisterskap. I 1999 vart ho verdsmeister på heimebane på Lillehammer og hausten 2000 fekk ho bronsemedalje med Noreg under Sommar-OL 2000 i Sydney, i begge desse meisterskapane sat ho på tribunen i finalen. Semifinaletapet mot Ungarn to dagar før bronsefinalen i Sydney vart hennar 127. og siste landskamp. Gjennom knapt elleve år på landslaget skåra ho 119 mål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark
- OL 1996: Nr 4 etter 18–20 mot Ungarn
- EM 1998: Gullmedalje etter 24–16 mot Danmark
- VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike
- OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ann Cathrin Eriksen» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2016.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1971
- Norske handballspelarar
- Olympiske medaljevinnarar i handball
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Norske deltakarar under sommar-OL 2000
- Handballspelarar under sommar-OL 2000
- Verdsmeistrar i handball
- Europameistrar i handball
- Folk frå Bodø