Hopp til innhald

Andrew Wyeth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrew Wyeth

Statsborgarskap USA
Fødd 12. juli 1917
Chadds Ford Township
Død

16. januar 2009 (91 år)
Chadds Ford Township

Yrke kunstmålar, skribent
Språk engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Letters, Royal Academy of Arts, American Academy of Arts and Sciences
Far N.C. Wyeth
Mor Caroline Brenneman Brockius
Ektefelle Betsy James Wyeth
Nettstad http://www.andrewwyeth.com/
Andrew Wyeth på Commons

Andrew Newell Wyeth (12. juli 191716. januar 2009) var ein visuell kunstnar og ein realistisk målar. Han var ein av dei mest kjende amerikanske kunstnarane på midten av 1900-talet og vart stundom kalla «Målaren av folket» sidan han var så populær hos amerikanarane.

I kunsten sin skildra Wyeth ofte landet og folket rundt han, både i heimbyen Chadds Ford i Pennsylvania og ved sommarhuset i Cushing i Maine.

Eit av dei mest kjende bileta i amerikansk kunst på 1900-talet er Weyth-måleriet Christinas verd, som i dag finst på utstilling i Museum of Modern Art i New York City.