Ami'oz
Utsjånad
Ami'oz | |||
עַמִּיעוֹז, Ammi'oz | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Eshkol | ||
Koordinatar | 31°14′54.24″N 34°24′51.12″E / 31.2484000°N 34.4142000°E | ||
Folketal | 185 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1956 | ||
• Grunnlagd av | egyptiske og rumenske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Ami'oz 31°14′54″N 34°24′51″E / 31.2484°N 34.4142°E | |||
Kart som viser Ami'oz.
| |||
Wikimedia Commons: Ami'oz |
Ami'oz (hebraisk skrift עַמִּיעוֹז) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol-området nordvest i Negevørkenen nær grensa til Gazastripa og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2011 hadde han 185 innbyggjarar.[1]
Moshaven vart først grunnlagd i 1956 av immigrantar frå Egypt og Romania. Namnet syner til styrken (hebraisk skrift עוז, Oz) som IDF-soldatar synte under Suezkrisa.[2]
Moshaven vart ikkje noko suksess, og alle utanom fire familiar flytta. Tidleg i 1960-åra kom Vizhnitz-jødar til staden for å prøve og finne ein heim der, men òg dei gav opp og flytta. Samfunnet har vore permanent busett sidan 1962 då ei gruppe immigrantar frå Marokko slo seg ned på staden med hjelp frå Jewish Agency.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ami'oz» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014.
- ↑ 2,0 2,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 426. ISBN 965-7184-34-7. (he)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Amioz Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine. på Negev informasjonssenter (he)