Alt-elva
Utsjånad
Alt | |||
elv | |||
Alt ved Croxteth
| |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Merseyside, Lancashire | ||
Lengd | 28 km | ||
Kjelde | Hag Plantation i Huyton | ||
• høgd | 40 moh. | ||
Munning | Hightown | ||
Alt-elva 53°31′22″N 3°03′57″W / 53.522777777778°N 3.0658333333333°W | |||
Wikimedia Commons: River Alt |
Alt er ei elv i Merseyside i England. Ho er 28 kilometer lang. På delar av lengda si dannar elva grensa mellom Merseyside og Lancashire.
Elva har utspringet sitt ved Hag Plantation i Huyton, på 40 meter over havet, og renn derfrå gjennom Croxteth Park og fortset mot nordvest, meir eller mindre parallelt med motorvegen M57 sør for Kirkby. Ho renn deretter vidare mellom Aintree og Maghull. Sør for Formby snur elva mot sør og munnar ut i Irskesjøen gjennom eit estuar ved Hightown, rundt 15 kilometer nord for Liverpool sentrum. Elvemunningen ligg nær nordenden av elva Mersey-estuaret og markerer òg den nordlege enden av Crosby Beach.[1]
Estuaret er ein del av naturvernområdet Ribble and Alt Estuaries Special Protection Area.
Stader langs elva
[endre | endre wikiteksten]- Hightown
- Formby
- Great Altcar
- Ince Blundell
- Maghull
- Aintree
- Melling
- Waddicar
- Kirkby
- Knowsley
- Croxteth
- West Derby
- Huyton
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alt (elv)» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «A Troublesome Little River». Mike Royden's Local History Pages. Henta 7. juli 2011.