Storbritannia i Eurovision Song Contest

Storbritannia debuterte i Eurovision Song Contest i 1957, stod over året etter og har delteke kvart einaste år sidan 1959. Med det er Storbritannia det landet med den lengste samanhengande deltakinga i tevlinga. Storbritannia er ein av dei fem store – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifisert til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga.[1] Fram til år 2000 var Storbritannia det beste landet i tevlinga med fem sigrar og heile femten andreplassar og tre tredjeplassar. Sidan har landet gjort det langt svakere i Eurovision Song Contest, blant anna med fem sisteplassar, av desse to sisteplassar utan poeng.[2]

Storbritannia

Offisielt Storbritannia

British Broadcasting Corporation
Uttakingar
Deltaking
Debutår 1957
Deltakingar 63
Beste resultat
Finalen 1 (1967, 1969, 1986, 1981 og 1997)
Verste resultat
Finalen Sist (2003, 2008, 2010, 2019 og 2021)
Poeng
Finalane 4 081
Totalt 4 081

Historikk

endre

Det er British Broadcasting Corporation (BBC) som har ansvaret for å velje artist og song til å representere Storbritannia i Eurovision Song Contest, og fram til 2010 arrangerte BBC ei nasjonal tevling, lik norske Melodi Grand Prix, for å velje det britiske bidraget til Eurovision Song Contest. I åra 2010-15, valde den britiske kringkastaren bidraga internt, men i 2016 returnerte den nasjonale utveljinga under namnet Eurovision: You Decide.

Historia vil ha det til at Storbritannia skulle deltake i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956, men at BBC miste tidsfristen.[3] Men BBC hadde ingen planar om å deltake i 1956, og utvikla i staden si eiga songtevling, Festival Of British Popular Songs.[4][5] Året etter debuterte Storbritannia i Eurovision Song Contest og vart nummer 7 av 10 med songen «All».

Året etter stod Storbritannia over tevlinga i 1958, men har delteke kvart år sidan. I 1959 kom Storbritannia på ein andreplass med «Sing, Little Birdie» og innleia med det ein førti år lang gullalder i landets Eurovision-historie. Berre to gongar i desse førti åra hamna Storbritannia utanfor topp ti – ein ellevteplass i 1978 og ein trettandeplass i 1987. Den beste perioden varte frå 1967 til 1978, då Storbritannia innkasserte heile tre sigrar og fem andreplassar. Dei «dårlegaste» plasseringane var fjerdeplassane i 1971 og 1974.[2]

Ein evig toar

endre
 
Brotherhood of Man er ein av fem britiske vinnarar.

Heile femten gongar har Storbritannia komme på andreplass, og ved to tilfelle – i 1968 og 1988 – var britane også berre eitt poeng unna sigeren. Ingen andre land er i nærleiken av å ha så mange sylvplasseringar som britane.

Storbritannia har også vunne Eurovision Song Contest fem gongar: 1967, 1969, 1976, 1981 og 1997. Berre Sverige og Irland har vunne fleire gongar. Men Storbritannia har likevel arrangert Eurovision Song Contest heile åtte gongar, meir enn noko anna land. BBC tredde nemlig inn som vert i 1960, 1963, 1972 og 1974 etter at dei eigentlege vertslanda måtte si frå seg oppgåva på grunn av økonomi.[6][7]

Skiftet etter 2000

endre

Lenge var Storbritannia saman med Irland og Malta, dei einaste landa som fekk syngje på engelsk i Eurovision Song Contest. I 1999 vart språkregelen fjerna, og dei fleste land har etter kvart gått over til å syngje på engelsk. I takt med dette vart resultata til Storbritannia stadig svakare, landet ble nummer 16 i 2000 og nummer 15 året etter. I 2003 kom Storbritannia for fyrste gong helt sist i tevlinga, og det utan poeng. Resultatet vart møtt med vantru i Storbritannia, og den legendariske kommentatoren i BBC, Terry Wogan, meinte resultatet var ein europeisk straff for den britiske deltakinga i Irak-krigen.[8] Fire nye sisteplassar følgde i 2008, 2010, 2019 og 2021 – og sidan 2000 har Storbritannia nådd topp ti berre to gongar. I 2021 fekk ikkje Storbritannia poeng fra verken juryane eller sjåarane, og dei ende heilt sist utan poeng.[9][10] Resultatet fekk den engelske toppolitikaren Nigel Farage til å krevje at landet måtte trekkje seg frå Eurovision Song Contest.[11] Han har tidlegare meint at Storbritannia vert diskriminert i tevlinga.[12]

Fast finalist

endre

I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunionen eo ordning som sikra dei fire største økonomiske bidragsytarane direkte plass i finalen. Dei fire landa var Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Spania, og gruppa vart kalla Dei fire store. I 2011 kom Italia tilbake i Eurovision Song Contest, og gruppa vart utvida til de fem store. Storbritannia har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.[1]

Bidraga

endre
År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  1957 Patricia Bredin «All» Engelsk 6 7 Ingen semifinalar
  1958 Deltok ikkje
  1959 Pearl Carr og Teddy Johnson «Sing, Little Birdie» Engelsk 16 2
  1960 Bryan Johnson «Looking High, High, High» Engelsk 25 2
  1961 The Allisons «Are You Sure?» Engelsk 24 2
  1962 Ronnie Carroll «Ring-A-Ding Girl» Engelsk 10 4
  1963 Ronnie Carroll «Say Wonderful Things» Engelsk 28 4
  1964 Matt Monro «I Love the Little Things» Engelsk 17 2
  1965 Kathy Kirby «I Belong» Engelsk 26 2
  1966 Kenneth McKellar «Merci, Chérie» Engelsk 8 9
  1967 Sandie Shaw «Puppet on a String» Engelsk 47 1
  1968 Cliff Richard «Congratulations» Engelsk 28 2
  1969 Lulu «Boom Bang-a-Bang» Engelsk 18 1
  1970 Mary Hopkin «Knock, Knock Who's There?» Engelsk 26 2
  1971 Clodagh Rodgers «Jack in the Box» Engelsk 98 4
  1972 The New Seekers «Beg, Steal or Borrow» Engelsk 114 2
  1973 Cliff Richard «Power to All Our Friends» Engelsk 123 3
  1974 Olivia Newton-John «Long Live Love» Engelsk 14 4
  1975 The Shadows «Let Me Be the One» Engelsk 138 2
  1976 Brotherhood of Man «Save Your Kisses for Me» Engelsk 164 1
  1977 Lynsey de Paul og Mike Moran «Rock Bottom» Engelsk 121 2
  1978 Co-Co «The Bad Old Days» Engelsk 61 11
  1979 Black Lace «Mary Ann» Engelsk 73 7
  1980 Prima Donna «Love Enough for Two» Engelsk 106 3
  1981 Bucks Fizz «Making Your Mind Up» Engelsk 136 1
  1982 Bardo «One Step Further» Engelsk 76 7
  1983 Sweet Dreams «I'm Never Giving Up» Engelsk 79 6
  1984 Belle and the Devotions «Love Games» Engelsk 63 7
  1985 Vikki «Love Is» Engelsk 100 4
  1986 Ryder «Runner in the Night» Engelsk 72 7
  1987 Rikki «Only the Light» Engelsk 47 13
  1988 Scott Fitzgerald «Go» Engelsk 136 2
  1989 Live Report «Why Do I Always Get it Wrong?» Engelsk 130 2
  1990 Emma «Give a Little Love Back to the World» Engelsk 87 6
  1991 Samantha Janus «A Message to Your Heart» Engelsk 47 10
  1992 Michael Ball «One Step Out of Time» Engelsk 63 10
  1993 Sonia «Better the Devil You Know» Engelsk 164 2
  1994 Frances Ruffelle «Lonely Symphony (We Will Be Free)» Engelsk 63 10
  1995 Love City Groove «Love City Groove» Engelsk 76 10
  1996 Gina G «Ooh Aah... Just a Little Bit» Engelsk 77 8 153 3
  1997 Katrina and the Waves «Love Shine a Light» Engelsk 227 1 Ingen semifinalar
  1998 Imaani «Where Are You?» Engelsk 166 2
  1999 Precious «Say It Again» Engelsk 38 12
  2000 Nicki French «Don't Play That Song Again» Engelsk 28 16
  2001 Lindsay «No Dream Impossible» Engelsk 28 15
  2002 Jessica Garlick «Come Back» Engelsk 111 3
  2003 Jemini «Cry Baby» Engelsk 0 26
  2004 James Fox «Hold On to Our Love» Engelsk 29 16 Direktekvalifisert
  2005 Javine Hylton «Touch My Fire» Engelsk 18 22
  2006 Daz Sampson «Teenage Life» Engelsk 25 19
  2007 Scooch «Flying the Flag (for You)» Engelsk 19 22
  2008 Andy Abraham «Even If» Engelsk 14 25
  2009 Jade Ewen «It's My Time» Engelsk 173 5
  2010 Josh Dubovie «That Sounds Good to Me» Engelsk 10 25
  2011 Blue «I Can» Engelsk 100 11
  2012 Engelbert Humperdinck «Love Will Set You Free» Engelsk 12 25
  2013 Bonnie Tyler «Believe in Me» Engelsk 23 19
  2014 Molly «Children of the Universe» Engelsk 40 17
  2015 Electro Velvet «Still in Love with You» Engelsk 5 24
  2016 Joe and Jake «You're Not Alone» Engelsk 62 24
  2017 Lucie Jones «Never Give Up on You» Engelsk 111 15
  2018 SuRie «Storm» Engelsk 48 24
  2019 Michael Rice «Bigger than Us» Engelsk 11 25
  2020 James Newman «My Last Breath» Engelsk Tevling avlyst
  2021 James Newman «Embers» Engelsk 0 26 Direktekvalifisert
  2022 Sam Ryder «Space Man» Engelsk
  2023 Mae Muller «I Wrote a Song» Engelsk
  2024 Olly Alexander

Galleri

endre

Røystehistorikk

endre

Storbritannia har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Irland 253
2   Sverige 224
3   Sveits 177
4   Tyskland 171
5   Frankrike 143

Storbritannia har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Irland 252
2   Sveits 207
3   Frankrike 195
4   Austerrike 189
5   Tyskland 187

Eurovision Song Contest i Storbritannia

endre
År Stad Arena Programleiar(ar)
1960   London Royal Festival Hall Katie Boyle
1963 BBC Television Centre
1968 Royal Albert Hall
1972   Edinburgh Usher Hall Moira Shearer
1974   Brighton Brighton Dome Katie Boyle
1977   London Wembley Conference Centre Angela Rippon
1982   Harrogate Harrogate International Centre Jan Leeming
1998   Birmingham National Indoor Arena Terry Wogan og Ulrika Jonsson
2023   Liverpool M&S Bank Arena

Sjå òg

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Victor M. Escudero (23. september 2015). «'Big Five' and host country more prominently in the Semi-Finals». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. desember 2016. 
  2. 2,0 2,1 «United Kingdom – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. desember 2016. 
  3. «Eurovision Song Contest 1956». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. desember 2016. 
  4. Paul Jordan og Gordon Roxburgh (11. januar 2017). «Shining a light on the United Kingdom: 60 Years at Eurovision». eurovision.tv. Henta 12. januar 2017. 
  5. «The Early Years 1956 & 1957». songs4europe.com. Arkivert frå originalen 16. januar 2017. Henta 12. januar 2017. 
  6. «Eurovision Song Contest 1972». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. desember 2016. 
  7. «Eurovision Song Contest 1974». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. desember 2016. 
  8. Begley, Charles (25. mai 2003). «UK humiliated in Eurovision 'post-Iraq backlash'». The Independent. 
  9. «Nul points again: how exactly can the UK win Eurovision?». the Guardian (på engelsk). 23. mai 2021. Henta 24. mai 2021. 
  10. Rhys, Steffan (22. mai 2021). «UK comes last in Eurovision with 0 points». WalesOnline (på engelsk). Henta 24. mai 2021. 
  11. Ekker, Bjørn (23. mai 2021). «Krever oppvask etter Eurovision-fiasko». dagbladet.no (på norsk). Henta 24. mai 2021. 
  12. «Nigel Farage blasts Eurovision 'prejudice' against UK». BBC News (på engelsk). 9. mai 2014. Henta 24. mai 2021. 

Kjelder

endre