Hoverla

(Omdirigert frå Hora Hoverla)

Hoverla (ukrainsk Говерла, Hoverla; ungarsk Hóvár; rumensk Hovârla; Goverla, tsjekkisk og slovakisk: Hoverla, polsk Howerla, russisk Говерла) er med ei høgd på 2061 meter over havet det høgaste fjellet i Ukraina og ein del av Karpatane. Fjellet ligg aust i Beskidane i Tsjornohora. Fjellsidene er dekte av bøk- og granskog, og over skogane ligg det fjellenger kalla polonyna på ukrainsk. På austsida av fjellet ligg hovudkjelda til elva Prut.

Hoverla
Говерла
fjell
Hoverla, september 2003
Land  Ukraina
Del av Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane
Fjellkjede Tsjornohora (Karpatane)
Topp Vest-Ukraina
 •  høgd 2 061 moh.
 - koordinatar 48°09′36″N 24°30′01″E / 48.16000°N 24.50028°E / 48.16000; 24.50028
Kart
Hoverla
48°09′37″N 24°30′00″E / 48.160277777778°N 24.5°E / 48.160277777778; 24.5
Kart som viser Hoverla.
Kart som viser Hoverla.
Kart som viser Hoverla.
Wikimedia Commons: Hoverla
Hoverla

Seint på 1800-talet vart fjellet eit kjent turistmål, særleg blant turistar frå nærliggande byar i Galicia. I 1880 var den første turistruta mellom toppen av Hoverla og Krasny Luh markert av Leopold Wajgel. Året etter vart den første hytta bygd her.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hoverla