Skogen har alltid vore viktig for folk. Han har gjeve ved og materiale til å byggje hus og reiskapar. Allereie på 1300-talet byrja Noreg å selje tømmer til andre land.
På 1500-talet kom dei første sagene som blei drivne av vatn. Skogbrukarane bygde difor sagbruk langs elvar.
Tømmeret som blei hogge rundt elvane, blei frakta med vatnet, til stader der ein saga det til plankar og selde det vidare. Denne metoden, som ein kallar tømmerfløyting, utnyttar at tre flyt på vatn. På midten av 1800-talet kom òg to viktige typar sag: sirkelsag og dampsag.
Fram til 1950-talet var det vanleg å jobbe for hand i skogbruket, til dømes ved å hogge tre med sag og øks. Etter kvart kom motorsagene og gjorde arbeidet med å felle tre raskare.
På 1990-talet kom store hogstmaskiner, som hogg, kvista og kappa tømmeret raskt og nøyaktig. I dag blir nesten alt skogsarbeid gjort med slike maskiner. Desse hogstmaskinene blir styrte av datamaskiner, frå førarplassen.