Faktaboks

Tinne

Tinnelva, Tinnåa

Etymologi

truleg etter gammalt namn *Tinnr på Tinnsjå, usikker tyding

Region
Telemark
Byar

Notodden

Lengde
31 km
Nedbørfelt
4114 km2
Kjelde
Tinnoset
Munning
Notodden
Vassdrag

Skiensvassdraget

Tinne er ei elv i Telemark, i Notodden kommune, frå Tinnsjå (187–191 meter over havet). Elva renn gjennom Tinnedalen og ut i Heddalsvatnet (16 meter over havet) ved Notodden sentrum.

Tinnelva dannar Årlifossene, Grønvollfossen, Svelgfossen og Tinnfossen, som alle er utbygd som kraftverk med ein samla kapasitet på 182 MW. Samla fallhøgde er 138,4 meter.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.