Srinivasa Ramanujan
Srinivasa Ramanujan | |||
| |||
Fødd | 22. desember 1887 Erode | ||
---|---|---|---|
Død | 26. april 1920 Kumbakonam | ||
Nasjonalitet | Britisk India | ||
Område | kombinatorikk, talteori, matematikar | ||
Yrke | matematikar | ||
Institusjonar | Trinity College i Cambridge Chennai Port | ||
Alma mater | Trinity College i Cambridge Town Higher Secondary School Government Arts College, Kumbakonam Pachaiyappa's College University of Cambridge | ||
Doktorgradsrettleiar | G.H. Hardy John Edensor Littlewood | ||
Ektefelle | Janakiammal | ||
Medlem | Royal Society |
Srinivasa Aiyangar Ramanujan (22. desember 1887–26. april 1920), på tamil ஸ்ரீனிவாஸ ஐயங்கார் ராமானுஜன், var ein sjølvlært, genierklært matematikar frå den noverande delstaten Tamil Nadu i India. Han arbeidde særleg med analytisk talteori.
Livssoge
[endre | endre wikiteksten]Ramanujan var fødd i Erode. Han utvikla svært kompliserte teorem, fleire som ingen andre indiske matematikarar kunne forstå. I 1913 sende han eit brev til G.H. Hardy ved Trinity College i Cambridge der han lista opp ei lang rekke slike teorem. Etter noko nøling inviterte Hardy Ramanujan til England. Indaren på si side måtte overtyda mora si om at reisa var viktig; ho var redd for at han ville mista kasta si om han forlet India.
I England gjorde Ramanujan stor suksess. Han blei ein Fellow ved Trinity og i Royal Society, det engelske kongelege selskapet, som var den høgaste æra innan naturvitskap i det britiske imperiet. Opphaldet verka derimot dårleg inn på helsa hans, kanskje grunna stress og dårleg tilgang på vegetarmat under den første verdskrigen. Ramanujan fekk diagnosen tuberkulose og sterk vitaminmangel, men nyare forsking tyder på at han kan ha hatt hepatitt.
Ramanujan drog tilbake til India, der han døydde i Kumbakonam i 1920. Han etterlet seg ei kone, Srinivasa Janaki Ammal, som budde utanfor Chennai fram til ho døydde i 1994. Dei to var blitt formelt gifte då ho var ni år gammal, ein nokså vanleg skikk i India på denne tida.
Ramanujan og tala
[endre | endre wikiteksten]Matematikaren John Edensor Littlewood sa om Ramanujan at «kvart positive heiltal er ein av Ramanujans personlege vener». I ei kjend historie kunne indaren på ståande fot fortelja Hardy kvifor talet 1729 var så interessant.
Som matematisk arv etterlet Ramanujan seg fleire hundre ark med teorem på, utan prov. Han hadde truleg gjort sjølve utrekninga på ei steintavle for å spara dyrt papir. Fleire matematikarar har arbeidd for å prova teorema hans, mellom anna G. H. Hardy, G. N. Watson, B. M. Wilson og Bruce Berndt.
Ramanujan meinte sjølv at evnene hans kom frå Gudinna.