Jim Sherwood
Jim «Motorhead» Sherwood | |||
Fødd | 8. mai 1942 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Arkansas City, Kansas, USA | ||
Død | 25. desember 2011 (69 år) | ||
Fødenamn | Euclid James Sherwood | ||
Alias | Euclid James Motorhead Sherwood, Jim Motorhead Sherwood, Larry Fanoga, Ed Fanoga | ||
Opphav | Los Angeles, California, USA | ||
Aktiv | 1957–2011 | ||
Sjanger | eksperimentell rock, kunstrock, jazzfusion, doo-wop | ||
Instrument | Baryton-, sopran- og tenorsaksofon, tamburin, vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Frank Zappa, The Mothers of Invention, Ruben and the Jets | ||
Plateselskap | Verve, Bizarre, Rykodisc, Barking Pumpkin | ||
Verka som | musikar, saksofonist, komponist |
Jim «Motorhead» Sherwood (8. mai 1942–25. desember 2011) var ein amerikansk rockemusikar som var kjend for å spele sopran-, tenor- og barytonsaksofon, tamburin, vokal og vokale lydeffektar med Frank Zappa i Mothers of Invention. Han var med på alle dei origionale Mothers-albuma og dei 'posthume' utgjevingane Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh, i tillegg somme Zappa-album. Han var òg med i filmane 200 Motels, Video from Hell og Uncle Meat.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Sherwood var fødd i Arkansas City i Kansas. Han og Zappa møtte kvarandre på vidaregåande skule i 1956. Sherwood gjekk i klasse med bror til Zappa, Bobby, som introduserte dei to for kvarandre etter broren oppdaga at Sherwood samla på bluesplater.[1] Sherwood spelte i det første bandet til Zappa, R&B-gruppa The Black-Outs,[2] og var ofte høgdepunktet på konsertane deira.
Sherwood og Zappa spelte sidan i lag i Ontario, i rock'n'roll/R&B-gruppa The Omens. Sherwood spelte òg med the Blackouts i 1957-1962 og The Village Inn Band i 1965. Sherwood gjekk ut frå Berklee College of Music i Boston. Etter at det første ekteskapet til Zappa var i ferd med å ende i 1964, kjøpte den lokale produsenten Paul Buff sitt Pal Recording Studio, og kalla det «Studio Z», og han og Sherwood budde i studioet ei tid.[1][3] Sherwood vart først med i The Mothers of Invention som scenearbeidar og utstyrsansvarleg, og medverka òg med lydeffektar (ved hjelp av både stemma og saksofon) på det første albumet deira, Freak Out! i 1966. Han vart heiltidsmedlem av gruppa då gruppa budde ved Garrick Theater i 1967, der det framtidige bandmedlemmet Ruth Underwood, som då sat i publikum, hugsar at «det var somme kveldar då du berre høyrte rein musikk, og andre kveldar der Motorhead snakka om å fikse bilen sin, med Jim Black sin trommerytme i bakgrunnen».[4]
Zappa avslutta det originale Mothers i 1969. Sherwood var ein av fleire medlemmar som skule spele med han i seinare år og er med i 1981 på You Are What You Is, plateboksen Läther og det siste albumet Zappa gjorde ferdig før han døydde, Civilization Phaze III. I 1971 var Sherwood med i filmen 200 Motels som Larry Fanoga. I 1973 spelte Sherwood på For Real!, det første albumet til doo-wop-gruppa Ruben and the Jets frå Los Angeles. Zappa hadde gjeve dei løyve til å nytte namnet frå den fiktive gruppa si. Sherweood produserte plata og medverka med arrangement, og song songen «If I Could Only Be Your Love Again». Allmusic skriv at plata har «vakre parti med saksofon»[5] av Sherwood og Robert «Buffalo» Roberts. Ruben and the Jets turnerte som oppvarmingsband for Zappa på Vestkysten i 1972 og produserte eit album til, men slutta etter at frontmannen Rubén Guevara fekk tilbod om solokontrakt i midten av 1970-åra. Det var økonomiske vanskar og Sherwood meinte at gruppa spelte «for mange gratiskonsertar og ikkje noko betalkonsertar».
Kallenamnet «Motorhead» vart gjeven av eit anna Mothers-medlem, Ray Collins, som merka at Sherwood alltid verka å fikse bilar, lastebilar eller motorsyklar, og sa «det høyres ut som du har ein liten motor i hovudetË.[1] Sherwood vert stundom òg tilskriven med alter egoet sitt «Larry Fanoga»[6] eller som «Fred Fanoga».
I seinare år medverka Sherwood på forskjellige prosjekt i lag med Mothers-medlemmar, som innspelingar av The Grandmothers, Mothers-klaverspelaren Don Preston, Ant-Bee og Sandro Oliva.
I desember 2011 vart Sherwood særs sjuk og døydde juledag same månad.[7][8]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Med the Mothers of Invention
[endre | endre wikiteksten]- Freak Out! (Verve, 1966) (guest musikar)
- We're Only in It for the Money (Verve, 1968)
- Cruising with Ruben & the Jets (Verve, 1968)
- Uncle Meat (Bizarre, 1969)
- Burnt Weeny Sandwich (Bizarre, 1970)
- Weasels Ripped My Flesh (Bizarre, 1970)
- Ahead of Their Time (Rykodisc, 1993)
Med Frank Zappa
[endre | endre wikiteksten]- Lumpy Gravy (Verve, 1967)
- You Are What You Is (Barking Pumpkin, 1981)
- You Can't Do That on Stage Anymore (sampler) (Rykodisc, 1988)
- You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 1 (Rykodisc, 1988)
- You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4 (Rykodisc, 1991)
- You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 5 (Rykodisc, 1992)
- Civilization Phaze III (Barking Pumpkin, 1994)
- Läther (Rykodisc, 1996)
- Mystery Disc (Rykodisc, 1998)
- The MOFO Project/Object (Zappa, 2006)
Med Ruben and the Jets
[endre | endre wikiteksten]Med The Grandmothers
[endre | endre wikiteksten]- Grandmothers (Line, 1981)
- Lookin' Up Granny's Dress (Rhino, 1982)
- A Mother of an Anthology (One Way, 1993)
Med Ant-Bee
[endre | endre wikiteksten]- Snorks & Wheezes (K7, 1993)
- The @x!#*% of.... (K7, 1993)
- With My Favorite «Vegetables» & Other Bizarre Muzik (Divine, 1994)
- Lunar Muzik (Divine Records, 1997)
- Electronic Church Muzik (Barking Moondog, 2011)
Med Don Preston
[endre | endre wikiteksten]- Vile Foamy Ectoplasm (Muffin, 1993)
Med Sandro Oliva
[endre | endre wikiteksten]- Who the Fuck Is Sandro Oliva?!? (Muffin, 1995)
Filmar
[endre | endre wikiteksten]- 200 Motels (1971)
- Video from Hell (1985)
- Uncle Meat (1987)
- The True Story of Frank Zappa's 200 Motels (1989)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Euclid James Sherwood» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 James, Billy (1998). Necessity Is...: The Early Years of Frank Zappa and the Mothers of Invention. SAF Publishing Ltd. (London). ISBN 0-946719-51-9.
- ↑ Zappa, Frank; Occhiogrosso, Peter (1989). The Real Frank Zappa Book. Poseidon Press (New York). ISBN 0-671-70572-5.
- ↑ Miles, Barry (2004). Frank Zappa. Atlantic Books (London). s. 82–83. ISBN 1-84354-092-4.
- ↑ Frå Frank Zappa-sendinga på BBC2 sitt The Late Show, først sendt 11. mars 1993
- ↑ Eder, Bruce. «For Real! > Review». Allmusic. Henta juli 12, 2009.
- ↑ Couture, François. «Lumpy Gravy > Credits». Allmusic. Henta 29. mai 2014.
- ↑ «Jim Sherwood, Original Mother of Invention, Dies at 69", Rolling Stone, 28. desember 2011. Henta 29. mai 2014.
- ↑ «Mothers of Invention Jim Sherwood Dies", music-news.com, 27. desember 2011. Henta 29. mai 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jim Sherwood ved Allmusic
- Euclid James «Motorhead» Sherwood ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Jim Sherwood-diskografi på Discogs