Hopp til innhald

Eesti Keskerakond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det estiske senterpartiet)
Eesti Keskerakond

LandEstland
Partileiar(ar)Jüri Ratas
GrunnleggjararEdgar Savisaar
Grunnlagt12. oktober 1991
HovudkvarterTallinn[1]
Medlemstal14 322 (2014)
IdeologiSosialliberalisme, populisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrisme

Eesti Keskerakond (på norsk Det estiske senterpartiet) er eit sosialliberalt sentrumsparti i Estland. Etter at det slo seg saman med Det estiske pensjonistpartiet (Eesti Pensionäride Erakond) den 20. august 2005 har det nest flest medlemer av dei estiske politiske partia. Ved parlamentsvalet i 2007 fekk det 26,1 % av røystene og 29 mandat i nasjonalforsamlinga (av 101). Det er det største opposisjonspartiet. Leiaren er Edgar Savisaar, som var statsminister i Estland frå 1990 til 1992. Partiet er medlem av Det europeiske liberaldemokratiske og reformpartiet, saman med mellom anna norske Venstre. I namn og symbolbruk er det òg knytt til dei andre nordiske senterpartia - som Senterpartiet i Noreg, Centerpartiet i Sverige og Centern i Finland har det ein firkløver som partisymbol. Partiet vart grunnlagd 12. oktober 1991.

Partiet seier sjølv at det har som mål at det vert danna ein sterk middelklasse i Estland. Det kallar seg eit «liberalt parti for middelklassen». Det støttar småbedrifter. I 1999 gjekk partiet til val med innføring av progressiv inntektsskatt som si fremste kampsak - Estland er eit av dei få landa i verda som har flat inntektsskatt. I 2004 inngjekk det eit samarbeid med det russiske "maktpartiet" Sameint Russland, noko som kan ha gjort partiet ekstra populært blant den russiske minoriteten i Estland. Fleirtalet på partiet sitt landsmøte i 2003 gjekk mot estisk EU-medlemskap.

Partiet har teke del i fleire koalisjonsregjeringar sidan det vart stifta. Det har òg vore utsett for splittingar og avskalingar, ettersom det estiske partisystemet har utvikla seg etter sjølvstendet i 1991. Det var det største partiet i Estland ved parlamentsvala i 1999 og 2003. Fram til parlamentsvalet i 2007 sat det i ei koalisjonsregjering med det liberalistiske Reformpartiet og det populistiske Estlands folkeunion. Det gjekk svakt fram ved valet i 2007, men gjekk ut av regjeringa, og er no det største opposisjonspartiet i landet.

Oppslutning ved parlamentsval 1995-2011

[endre | endre wikiteksten]
Årstal Mandat Røyster
2011 26 23,3 %
2007 29 26,1 %
2003 28 25,4 %
1999 28 23,4 %
1995 16 14,2 %

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Elisabeth Bakke (red): Sentral-Europa og Baltikum etter 1989 (2. utg.), Samlaget, 2006, 280 s. ISBN 82-521-6786-1.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]