Hopp til innhald

Oktoberrevolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bolsjeviken mål av Boris Kustodjev (1920)

Oktoberrevolusjonen er namnet på den væpna maktovertakinga den russiske arbeidarklassen med bolsjevikane i spissen gjennomførte i den russiske hovudstaden Petrograd den 25. oktober 1917 etter gammal russisk tidsrekning (juliansk kalender). Etter vestleg tidsrekning (gregoriansk kalender), som blei innført av dei same bolsjevikane (kommunistane) etter revolusjonen som eit ledd i moderniseringa av det russiske riket, skjedde dette den 7. november. Revolusjonen var organisert og leidd av Lev Trotskij, som saman med Vladimir Lenin var den fremste bolsjevikleiaren i 1917 og åra som følgde. Revolusjonen skjedde mesta heilt utan blodspille, da ingen syntest å ville forsvare den provisoriske regjeringa som i namnet hadde styrt sidan tsaren blei styrta i mars, men stendig meir på Petrograd-sovjetet sin nåde. Desse to hendingane til saman blir gjerne kalla den russiske revolusjonen, men kan samstundes sjåast som to ulike revolusjonar, både i form og innhald.

Oktoberrevolusjonen blei etterfølgd av ein blodig borgarkrig, då fleire av den styrta tsaren sine generalar samla styrkar mot sovjet-styret, og der også utanlandske styrkar gjekk til angrep, såleis blant andre britiske, franske, amerikanske og japanske. Den blir difor gjerne kalla for borgar- og intervensjonskrigen. Trass i alle odds vann dei raude denne krigen, truleg mest fordi dei russiske bøndene hadde fått ta over godseigarjorda, og var redde for å miste den att dersom dei kvite kom tilbake.