Hopp til innhald

Tukanar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tukanar
Tocotukan, Ramphastos toco Foto: Flickr-brukar sgsprzem
Tocotukan, Ramphastos toco
Foto: Flickr-brukar sgsprzem
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Tukanar Ramphastidae
Vigors, 1825

Tukanar, Ramphastidae, er ein familie av spettefuglar som lever i den neotropiske regionen og er nærmast relatert til skjeggfuglar. Dei er kjenneteikna av ein fargerik fjørdrakt og svært stort og fargekraftig nebb. Familien består av seks slekter med til saman 40 artar.

Tukanar varierer i storleik frå skifttukan (Pteroglossus inscriptus) med berre 130 g og 29 cm i lengd til tocotukan (Ramphastos toco), med 680 g og 63 cm. Halen er avrunda og varierer i lengde frå ei halv til ei heil kroppslengd. Halsen er kort og tjukk. Vengene er små, slik som det er vanleg for skogsfuglar som flyg korte avstandar. Vengespennet kan vere omtrent som lengda frå nebbspissen til halespissen.

Beina til tukanar er sterke og ganske korte. Tærne er ordna i par med første og fjerde tå retta bakover. Dei fleste artane viser ikkje kjønnsdimorfisme i farger, slekta Selenidera er det mest iaugefallande unntak frå denne regelen. Men for alle artar er nebbet til hoer av tukanar er vanlegvis kortare, djupare og nokre gongar rettare, noko som gjer eit meir firkanta inntrykk i forhold til nebbet åt hannar. Fjørdrakta er i regelen svart, med element av kvitt, gult, og skarlakt. I slekta Pteroglossus (mindre tukanar) har underkroppen gul farge med band av raudt og svart og i Aulacorhynchu har artane mest grøn fjørdrakt med blå flekkar.

Det fargerike, gigantiske nebbet, som hos somme store artar måler meir enn halve kroppslengda, er kjennemerket på tukanar. Trass storleiken er det veldig lett, det består av ein open beinstruktur med lite masse og store holrom. Nebbet har framvendte sagtenner. Dietten er først og fremst frukt. Det er framleis diskusjonar om kvifor desse fuglane har så store nebb, med så kraftfulle farger. Ettersom dei ikkje har kjønnsdimorfisme i farger er det lite sannsynleg at det er eit kjønnssignal. Eit langt nebb er til hjelp ved at rekkjevidda til å plukke frukt frå ein plass er auka. Ein teori har vore at nebbet kan nyttast til å skremme bort andre fuglar som ønskjer å konkurrere om føda. Dessutan kan eit langt nebb nå djupt ned i hòl i trestammar for å kome til føde der, for eksempel ved å plyndre reira til mindre fugleartar.

Tukanar har lang tunge, opp til 14-15 cm, ho er smal, grå, og særs frynsa på kvar side, noko som aukar sensitiviteten i smakssansen til fuglen.

Ein sær strukturelt konstruksjon er truleg unik for tukanar, ein modifikasjon av fleire halevirvler. Dei tre bakre virvlane er vakse saman og festa ryggraden med eit spesielt kuleledd. Derfor er tukanar i stand til å vende stjerten framover til han rører hovudet. Dette er vanleg soveposisjon kor han berre syner ein rund fjørball med spissen av halen som stikker ut over hovudet.

Tukanar er først og fremst fruktetarar, men er òg opportunistisk altetande og tar byttedyr som insekt og små øgler. I fangenskap har dei vore observert og rapportert til aktivt å jakte på insekt, tukanar kan leve på insektdiett. Dei kan òg plyndre reir av mindre fuglar og et både egg og ungar. Dette kan truleg gje eit viktig tilskot av protein til kosten. I habitatet er dei dominerande fruktetarar og speler ei svært viktig rolle i økologien ved å spreie frø av frukttre.

Desse fuglane er knytt til skogen og legg 2 til 4 kvite egg i reir i eksisterande trehòl, anten naturlege eller graven ut av andre fugleartar som spettar. Når egga klekker er ungane framleis dunlause.

Tukanar er standfuglar og lever vanlegvis i par eller i små flokkar. Det hender at dei kjempar mot kvarandre ved å fekte med nebba.

Vinnebbtukan, Ramphastos tucanus
Foto: OpenCage Systems

Tukanar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Aulacorhynchus

  • Smaragdtukan, Aulacorhynchus prasinus, Northern Emerald-Toucanet, Gould, 1833, (LC)
  • Andestukan, Aulacorhynchus albivitta, Southern Emerald-Toucanet, Boissonneau, 1840, (LC)
  • Furenebbtukan, Aulacorhynchus sulcatus, Groove-billed Toucanet, Swainson, 1820, (LC)
  • Bruntipptukan, Aulacorhynchus derbianus, Chestnut-tipped Toucanet, Gould, 1835, (LC)
  • Tepuitukan, Aulacorhynchus whitelianus, Tepui Toucanet, Salvin & Godman, 1882, (LC)
  • Raudgumptukan, Aulacorhynchus haematopygus, Crimson-rumped Toucanet, Gould, 1835, (LC)
  • Gulbryntukan, Aulacorhynchus huallagae, Yellow-browed Toucanet, Carriker, 1933, (EN)
  • Blåbandtukan, Aulacorhynchus coeruleicinctis, Blue-banded Toucanet, d'Orbigny, 1840, (LC)

Slekt Andigena

  • Lavendeltukan, Andigena hypoglauca, Gray-breasted Mountain-Toucan, Gould, 1833, (NT)
  • Platenebbtukan, Andigena laminirostris, Plate-billed Mountain-Toucan, Gould, 1851, (NT)
  • Hettetukan, Andigena cucullata, Hooded Mountain-Toucan, Gould, 1846, (LC)
  • Svartnebbtukan, Andigena nigrirostris, Black-billed Mountain-Toucan, Waterhouse, 1839, (LC)

Slekt Pteroglossus

  • Safrantukan, Pteroglossus bailloni, Saffron Toucanet, Vieillot, 1819, (NT)
  • Gulbuktukan, Pteroglossus viridis, Green Aracari, Linné, 1766, (LC)
  • Skrifttukan, Pteroglossus inscriptus, Lettered Aracari, Swainson, 1822, (LC)
  • Halsbandtukan, Pteroglossus torquatus, Collared Aracari, Gmelin, 1788, (LC)
  • Eldnebbtukan, Pteroglossus frantzii, Fiery-billed Aracari, Cabanis, 1861, (LC)
  • Raudbeltetukan, Pteroglossus aracari, Black-necked Aracari, Linné, 1758, (LC)
  • Brunkinntukan, Pteroglossus castanotis, Chestnut-eared Aracari, Gould, 1834, (LC)
  • Tobeltetukan, Pteroglossus pluricinctus, Many-banded Aracari, Gould, 1835, (LC)
  • Elfenbeinstukan, Pteroglossus azara, Ivory-billed Aracari, Vieillot, 1819, (LC)
  • Krølltukan, Pteroglossus beauharnaesii, Curl-crested Aracari, Wagler, 1832, (LC)
  • Raudbrysttukan, Pteroglossus bitorquatus, Red-necked Aracari, Vigors, 1826, (EN)

Slekt Selenidera

  • Brilletukan, Selenidera spectabilis, Yellow-eared Toucanet, Cassin, 1858, (LC)
  • Guyanatukan, Selenidera piperivora, Guianan Toucanet, Linné, 1758, (LC)
  • Raudnebbtukan, Selenidera reinwardtii, Golden-collared Toucanet, Wagler, 1827, (LC)
  • Quiputukan, Selenidera nattereri, Tawny-tufted Toucanet, Gould, 1835, (LC)
  • Selenetukan, Selenidera gouldii, Gould's Toucanet, Natterer, 1837, (LC)
  • Flekknebbtukan, Selenidera maculirostris, Spot-billed Toucanet, Lichtenstein, 1823, (LC)

Slekt Ramphastos

  • Tocotukan, Ramphastos toco, Toco Toucan, Müller, 1776, (LC)
  • Gulnebbtukan, Ramphastos ambiguus, Yellow-throated Toucan, Swainson, 1823, (NT)
  • Vinnebbtukan, Ramphastos tucanus, White-throated Toucan, Linné, 1758, (VU)
  • Regnbogetukan, Ramphastos sulfuratus, Keel-billed Toucan, Lesson, 1830, (LC)
  • Chocotukan, Ramphastos brevis, Choco Toucan, Meyer de Schauensee, 1945, (LC)
  • Tupinambatukan, Ramphastos vitellinus, Channel-billed Toucan, Lichtenstein, 1823, (VU)
  • Raudbuktukan, Ramphastos dicolorus, Red-breasted Toucan, Linné, 1766, (LC)
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Toucan frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Reynolds, J. (2002) Book Review: Handbook of the Birds of the World, Vol. 7. Jacamars to Woodpeckers Edited by Josep del Hoyo, Andrew Elliott and Jordi Sargatal. Lynx Edicions, Barcelona, 2002. ISBN 84-87334-37-7. 613 pages. Biological Conservation 111 (2): 280-281 [1]
  • Remsen, J.V. Remsen, Jr.; Hyde M.A. & A. Chapman. (1993) The Diets of Neotropical Trogons, Motmots, Barbets and Toucans The Condor 95 (1): 178-192
  • Robinson, S.K. (1985) Coloniality in the Yellow-Rumped Cacique as a Defense against Nest Predators Auk 10 (3): 506-519
  • Pizo, M.A.; Donatti, C.I.; Guedes, N.M.R. & M. Galetti (2008) Conservation puzzle: Endangered hyacinth macaw depends on its nest predator for reproduction Biological Conservation 141 (3): 792-796

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]