Blekinge
Blekinge | |||
landskap | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Län | Blekinge | ||
Del av | Sverige | ||
Areal | 2 900 km² | ||
Folketal | 159 056 (31. desember 2020)[1] | ||
Blekinge 56°20′00″N 15°20′00″E / 56.333333333333°N 15.333333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Blekinge |
Blekinge er eit landskap i Sverige. Geografisk er det identisk med lenet Blekinge län, i det søraustlege Sverige. Blekinge har om lag 150 000 innbyggjarar og er tett folkesett. Landskapet blir ofte kalla «Sveriges hage», og har vene skogsområde, landsbyar og ein mykje vitja skjergard.
Blekinge var dansk fram til freden i Roskilde i 1658. Det pågjekk blodige krigar her mellom dei to landa om herredømmet over Blekinge. Länshovudstaden Karlskrona vart bygd opp som ein marineby nærast mogleg Danmark og kontinentet, for å hevde den nyvunne makta til Sverige etter freden i Roskilde. Marinehamna Karlskrona står på verdsarvlista til UNESCO. Skjergården i Blekinge er med i Unesco-programmet Man and the Biosphere Programme.
Blekinge ligg søraust i Sverige og grensar mot Austersjøen i aust og sør og til Skåne i vest og Småland i nord. Administrasjonssentret er Karlskrona, medan Ronneby er den eldste byen. Det er flyplass ved Ronneby.
Større tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største tettstadane i landskapet etter reguleringa i 2005 er:
# | Tettstad | Innbyggjartal |
---|---|---|
1 | Karlskrona | 32 606 |
2 | Karlshamn | 18 768 |
3 | Ronneby | 11 767 |
4 | Sölvesborg | 7 883 |
5 | Olofström | 7 382 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Folkmängd i landskapen den 31 december 2020». Statistiska centralbyrån.
- Denne artikkelen bygger på «Blekinge» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juni 2012.