Matamata-Piako District
Utsjånad
Matamata-Piako District | ||
Namn | Matamata-Piako | |
Folketal | 30 483[1] | |
Flatevidd | 1 754,02 km² | |
Utbreiing | Te Aroha til Tirau;
Cambridge til Kaimai Ranges |
Matamata-Piako District er eit distrikt (Terrotorial Authority) i regionen Waikato på New Zealand. Det ligg aust for byen Hamilton.
Distriktet omfattar den sørlege delen av Hauraki Plains og mykje av Thames Valley, og grensar i aust til Kaimai Ranges. Elvene Piako og Waihou renn gjennom distriktet.
Byane Matamata, Morrinsville og Te Aroha ligg alle i distriktet, og distriktsstyret har sete i Matamata. Dei viktigaste næringsvegane er mjølkeproduksjon og oppdrett og trening av fullblodshestar.
Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i distriktet 30 483, av desse budde 6 606 i Morrinsville, 6 309 i Matamata og 3 768 i Te Aroha[1].
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 [1][daud lenkje] Statistics New Zealand - Folketeljinga i 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
- Denne artikkelen bygger på «Matamata-Piako District» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2009.