Kaljazin
Utsjånad
Kaljazin Калязин | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Tver oblast | ||
Først nemnt i Bystatus |
1434 1775 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
13 953 | ||
Koordinatar | 57°14′0″N 37°51′0″E / 57.23333°N 37.85000°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 171570, 171571, 171573 | ||
Retningsnummer (tlf) | 48249 | ||
Nettstad: www.kalyazin.ru |
Kaljazin (russisk Каля́зин) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 14 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, 125 km aust-nordaust for Tver.
Kaljazin er først nemnt på 1100-talet som ein sloboda, eller busetnad for personar som var fritekne frå å betale skatt. Byen vart viktigare då Makarjevskij-klosteret vart grunnlagd på motsett side av Volga på 1400-talet. Dette klosteret var det mest merkverdige landemerket i Kaljazin og bestod av mange bygningar av historisk interesse, mellom anna eit refektorium frå 1525.
I 1940 vart klosteret og storparten av den gamle bydelen sett under vatn då Uglitsj-reservoaret vart bygt. Byen vart etter det i praksis flytta til ein ny og høgareliggande stad.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kaljazin si historie Arkivert 2008-02-19 ved Wayback Machine. (russisk)
- Fotografi frå Kaljazin Arkivert 2010-09-09 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Kaljazin» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.