Hopp til innhald

Tore Sagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Tore Sagen

Fødd7. november 1980 (43 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar, komikar, programleiar, radioprogramleiar
EktefelleLive Nelvik

Tore Sagen (fødd 7. november 1980 i Oslo)[1] er ein norsk skodespelar, komikar og mediepersonlegdom. Han har medverka i radioprogram som Holger Nielsens metode, Onkel Happy og Kyrre på NRK P3. Han er ein del av trioen i Radioresepsjonen saman med Steinar Sagen og Bjarte Tjøstheim, som har halde på sidan 2006.

Tore Sagen er broren til Steinar Sagen, og voks opp på Holmlia i Oslo. Han gjekk på Holmlia ungdomsskule og Nordstrand videregåande skule, og var med to år på Nordstrandrevyen som lysteknikar.

Han er gift med Live Nelvik som er kjend frå Farmen, P3 Gull, P3morgen, Dama til og Lørdagsrådet.[2]

Filmografi

Skodespelar

Kjelder

  1. Sagen, S., Sagen T. og Tjøstheim, B.P. Den relativt store boka om Radioresepsjonen, Aschehoug, Oslo. ISBN 9788203198168
  2. Guro Havro Bjørnstad og Jan Thomas Holmlund (24. august 2013): Tore Sagen gifter seg med Live Nelvik i dag Arkivert 2013-08-27 ved Wayback Machine. Dagbladet.

Bakgrunnsstoff