Hans Enn
Hans Enn | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 10. mai 1958 (66 år) Saalbach-Hinterglemm |
Idrett | alpint |
Tok del i | alpine skiing at the 1980 Winter Olympics – men's giant slalom |
Utmerkingar | ærestegn i gull av Ærestegnet for fortjenester |
Hans Enn (fødd 10. mai 1958) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Hinterglemm i forbundslandet Salzburg som var ein av verdas beste storslalåmrennarar i fyrste halvparten av 1980-åra.
Aktiv
Enn deltok i verdscupen i alpine greiner frå 1976 til 1989. Mellom 26. januar 1980 og 15. januar 1985 gjekk han til topps i seks verdscuprenn i seks ulike land, men aldri i heimlandet. Han sigra fem gongar i storslalåm og ein gong i super-G. I tillegg la han beslag på ni andreplassar og sju tredjeplassar.
Under Vinter-OL 1980 i Lake Placid tok Enn bronsemedaljen i storslalåm og kom på fjerdeplass i slalåm. Elles vart han nummer fem i storslalåm i alpin-VM 1985, og nummer seks i same øvinga både i VM 1978 og VM 1982.
Etter han la konkurranseskia på hylla opna Enn hotell på heimstaden og har elles arbeidd for skiutstyrsfirmaet Blizzard.
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
- «Hans Enn» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. februar 2022.
- (en) Hans Enn – Profil og resultatoversikt hos FIS