Hopp til innhald

Alabast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 18. mai 2009 kl. 16:46 av 129.240.64.202 (diskusjon) (Oppretta sida med «thumb|250px|Figur med to fuglar i alabast. Foten er av [[marmor<br />Foto: Gregory Phillips, 2004]] '''Alabast''' er eit…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Figur med to fuglar i alabast. Foten er av marmor
Foto: Gregory Phillips, 2004

Alabast er eit mineral. Det er ein finkorna tett, gjennomskinleg kvit eller marmorert type gips (kalsiumsulfat, CaSO4 · 2 H2O). Alabast er mykje nytta i prydsaker, relieff, skulpturar, armatur og anna, då mineralet er lett å skjere til. Det kan nyttast til lampeskjermar i staden for matta glas, då det er nokso gjennomskinleg. Kan ikkje nyttast utandørs, då vatn løyser opp mineralet. Førekomstar finst mellom anna i Storbritannia, i Italia og ved IsfjordenSvalbard.


Elles vert ogso ein varietet av kalkspat (det vil seie kalsitt, jamfør kalsiumkarbonat) kalla alabast. Dette er det mineralet som ber dette namnet i Bibelen og andre kjelder frå antikken. Ordet har kome til dei moderne europeiske språka frå Latin alabaster, som hadde det frå gresk αλάβαστρος (alabastros), 'alabast', eller αλάβαστος (alabastos), 'vase av alabast'.[1] Det er uvisst kva språk gresk har fått ordet frå, kanskje frå gamalegyptisk, då dette mineralet vart mykje utvunne i det gamle Egypt. Andre varietetar av mineralet finst elles til dømes i Algerie, USA og Mexico.



Litteratur

  1. Alabastos, Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, at Perseus
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.