Aftermath
Aftermath Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. april 1966 | |
Innspelt | 3–8. desember 1965, 6–9. mars 1966 | |
Studio | RCA Studios, Hollywood i California | |
Sjanger | Rock, pop | |
Lengd | 53:20 | |
Selskap | Decca (UK) | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
Out of Our Heads (1965) |
Aftermath | Between the Buttons (1967)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic (UK) | [1] |
AllMusic (US) | [2] |
Blender | [3] |
Encyclopedia of Popular Music | [4] |
MusicHound | 5/5[5] |
Music Story | [6] |
NME | 7/10[7] |
The Rolling Stone Album Guide | [8] |
Aftermath er eit album av The Rolling Stones frå 1966. Albumet var det store kunstnariske gjennombrotet for The Rolling Stones, og var det første albumet deira som berre bestod av songar skrivne av Mick Jagger/Keith Richards. Aftermath var òg det første Rolling Stones-albumet som berre vart spelt inn i USA, i legendariske RCA Studios i Hollywood i California og det første albumet bandet gav ut i stereo.
Albumet er òg kjend for den musikalske eksperimenteringa med Brian Jones som speler fleire forskjellige instrument som til då var uvanlege i rock. Mellom anna spelte han sitar på «Paint It, Black», appalachian dulcimer på «Lady Jane» og «I Am Waiting», marimba på «Under My Thumb» og «Out of Time», munnspel på «High and Dry» og «Goin’ Home», samt gitar og tangentinstrument.
Som med alle Stones-album før 1967, var utgåvene som kom ut i Storbritannia og USA forskjellige. Dette var vanlege for dei fleste britiske popalbum på denne tida – og same praksisen vart gjort med til dømes albuma til The Beatles før 1967. Dei britiske albuma inneheldt vanlegvis ikkje singlane som vart gjeve ut, medan desse var med på dei amerikanske utgåvene.
Den (originale) britiske utgåva av Aftermath kom ut i april 1966 som ein fjortenspors LP og dette vert generelt rekna som den definitive utgåva. Han kom mellom singlane «19th Nervous Breakdown» og «Paint It, Black», og vart ein stor hit i Storbritannia der han låg åtte veker på førsteplassen.
Den amerikanske utgåva kom i juni og hadde anna plateomslag og færre songar i ei anna rekkefølgje. Songar som mangla var «Out of Time», «Take It or Leave It», «What to Do» og «Mother’s Little Helper». Dei fire spora vart seinare gjeve ut i USA på andre samlingar, og «Mother’s Little Helper» var alt ute som singel i 1966, og nådde åttandeplass på Billboardlista. I staden for vart hitten «Paint It, Black» med på albumet. Den amerikanske utgåva nådde andreplassen på albumlista i USA. I 2002 vart den amerikanske utgåva av Aftermath rangert som det 108. beste albumet gjennom tidene av musikkmagasinet Rolling Stone.
Britisk utgåve
[endre | endre wikiteksten]Den originale britiske utgåva av Aftermath kom ut i april 1966 med fjorten spor. Det kom ut mellom singlane «19th Nervous Breakdown» og «Paint It Black», som ikkje var med på albumet, og vart ein stor hit i Storbritannia med åtte veker på toppen av den britiske albumlista.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Mother's Little Helper» | 2:44 |
2. | «Stupid Girl» | 2:56 |
3. | «Lady Jane» | 3:08 |
4. | «Under My Thumb» | 3:41 |
5. | «Doncha Bother Me» | 2:41 |
6. | «Goin' Home» | 11:13 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Flight 505» | 3:27 |
8. | «High and Dry» | 3:08 |
9. | «Out of Time» | 5:37 |
10. | «It's Not Easy» | 2:56 |
11. | «I Am Waiting» | 3:11 |
12. | «Take It or Leave It» | 2:47 |
13. | «Think» | 3:09 |
14. | «What to Do» | 2:32 |
Nordamerikansk versjon
[endre | endre wikiteksten]Aftermath Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. juni 1966 | |
Innspelt | 3–8. desember 1965, 6–9. mars 1966 | |
Sjanger | Rock, pop, rhythm and blues, psykedelisk rock | |
Lengd | 42:31 | |
Selskap | London (US) | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
Amerikansk The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
December's Children (And Everybody's) (1965) |
Aftermath | Between the Buttons (1967) |
Singlar frå Aftermath | ||
|
Den amerikanske versjonen hadde eit anna plateomslag og var kortare. Songane «Out of Time», «Take It or Leave It», «What to Do» og «Mother's Little Helper» vart fjerna. Desse kom seinare ut i USA på andre samleplater, og «Mother's Little Helper» vart òg gjeven ut på singel i 1966 og nådde då åttandeplassen i USA.[9] I staden for vart hitsingelen «Paint It, Black» inkludert. Denne utgåva av Aftermath nådde andreplassen på albumlista i USA og selde etter kvart til platinaplate.[10]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Paint It Black» | 3:22 |
2. | «Stupid Girl» | 2:56 |
3. | «Lady Jane» | 3:08 |
4. | «Under My Thumb» | 3:41 |
5. | «Doncha Bother Me» | 2:41 |
6. | «Think» | 3:09 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Flight 505» | 3:27 |
8. | «High and Dry» | 3:08 |
9. | «It's Not Easy» | 2:56 |
10. | «I Am Waiting» | 3:11 |
11. | «Goin' Home» | 11:13 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Per den britiske utgåva:
The Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal (alle spor), korvokal (2, 7, 9-14), tamburin (2, 12), maracas (11), munnspel (5)
- Keith Richards – elektrisk gitar (1, 2, 4-7, 9, 10, 13, 14), korvokal (2, 7, 9-14), akustisk gitar (1, 3, 8, 9, 11, 12)
- Brian Jones – elektrisk gitar (5, 7, 10, 13), akustisk gitar (1, 2, 14), sitar (1), dulcimer (3, 11), munnspel (6, 8), marimba (4, 9), koto (12), bjøller (12)
- Bill Wyman – bassgitar (alle utanom 3)
- Charlie Watts – trommer (alle utanom 3)
Andre medverkande
- Jack Nitzsche – piano (1, 9), orgel (12), elektrisk piano (2), cembalo (3, 12), perkusjon (5), tamburin (6), maracas (6)
- Ian Stewart – piano (4-7, 14), orgel (2, 9, 10)
Salslister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Vekeslister
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1966 | UK Albums Chart | 1[11] |
1966 | Billboard 200 | 2[12] |
1966 | Franske SNEP-lista | 25[13] |
Singles
[endre | endre wikiteksten]År | Single | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1966 | «Paint It, Black» | UK Singles Chart | 1[11] |
1966 | «Paint It, Black» | Billboard Hot 100 | 1[9] |
1966 | «Mother's Little Helper» | Billboard Hot 100 | 8[9] |
1966 | «Lady Jane» | Billboard Hot 100 | 24[9] |
1990 | «Paint It, Black» | UK Singles Chart | 63[11] |
2007 | «Paint It, Black» | UK Singles Chart | 70[11] |
2010 | «Paint It, Black» | Billboard Rock Digital Songs | 25[9] |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Land | Selskap | Salstrofé |
---|---|---|
USA | RIAA | Platina |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aftermath (Rolling Stones album)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2009.
- ↑ AllMusic review (UK)
- ↑ AllMusic review (US)
- ↑ Blender review Arkivert 16. august 2009 ved Wayback Machine.
- ↑ «The Rolling Stones Aftermath». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 10. juni 2016. Henta 26. mars 2018.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 950. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 10. juni 2016, henta 26. mars 2018
- ↑ «The Rolling Stones – Aftermath CD Album" > "Product Reviews». CD Universe/Muze. Henta 26. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones: Album Guide". rollingstone.com. Henta 26. mars 2018.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 «Billboard Singles». All Media Guide / Billboard. Henta 26. mars 2018.
- ↑ «RIAA searchable certification database». Recording Industry Association of America. Henta 26. mars 2018.
- ↑ 11,0 11,1 11,2 11,3 «UK charts rchive». chartstats.com. Henta 26. mars 2018.
- ↑ «Billboard Albums». All Media Guide / Billboard. Henta 26. mars 2018.
- ↑ Tous les Albums classés par Artiste Arkivert 26. januar 2016 ved Wayback Machine., Note : user must select The Rolling Stones in the list
331: Like a Prayer Madonna |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 330 Aftermath The Rolling Stones |
329: Entroducing..... DJ Shadow |
110: Loaded The Velvet Underground |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 109 Aftermath The Rolling Stones |
108: Hunky Dory David Bowie |