Grudziądz
Grudziądz | |||||
---|---|---|---|---|---|
Gamlebyen i Grudziądz | |||||
| |||||
Motto «Grudziądz - miasto na szczęście» (Grudziądz - byen med lykkja) | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Kujaviskpommerske | ||||
Grunnlagd Byrettar |
1000-talet 1291 | ||||
Borgarmeister | Robert Malinowski | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
57,76 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
99 090 1716/km² | ||||
Koordinatar | 53°29′33″N 18°46′34″E / 53.49250°N 18.77611°E | ||||
Høgd over havet | 50 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 86-300 til 86-311 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 056 | ||||
Bilnummer | CG | ||||
Nettstad: www.grudziadz.pl |
Grudziądz (tysk Graudenz, latinsk Graudensis, russisk Грудзёндз, Grudziondz) er ein by nord i Polen ved elva Wisła med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg i Kujaviskpommerske voivodskap (sidan 1999) og var tidlegare ein del av Toruń voivodskap (1975-1998).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Grudziądz (då kalla Graudenc) fekk byrettar i 1291 og tilslutta seg den prøyssiske konføderasjon i 1440. Mellom 1466 og 1772 høyrte byen til den polske krona som del av provinsen Det kongelege Preussen, som hadde stor grad av sjølvstyre. Ved den første delinga av Polen i 1772 vart byen annektert av kong Fredrik II av Preussen og vart slik same år del av kongedømet Preussen. I 1878 vart det bygd ei bru over Wisła (tysk Weichsel), noko som medverka til ei rask industrialisering av Graudenz. Ved riksdagsvala i 1912 fekk polske kandidater 21 prosent av stemmene, medan Det tyske nasjonalliberale partiet fekk 53 prosent.
Den 23. januar 1920 vart byen, som hadde ein overvegande tysk folkesetnad (84 %), del av den andre polske republikken som vart etablert etter den første verdskrigen.
Den 3. september 1939 erobra tyske militære styrkar byen. Det tyske styret varte i fem år. Ved Grudziądz låg den tyske konsentrasjonsleiren Graudenz som var satellittleir under konsentrasjonsleiren Stutthof lenger nord. Under kampane vinteren 1945 vart over 60 prosent av Grudziądz øydelagt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Grudziądz» frå Wikipedia på engelsk, og «Grudziądz» frå Wikipedia på bokmål den 18. juni 2008.
Fotnoteliste
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Innbyggjartal frå det polske statiske sentralbyrå 2008