Toljatti
Toljatti Тольятти | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Samara oblast | ||||
Grunnlagd | 1737 | ||||
Borgarmeister | Anatoli Pusjkov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
315 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
705 300 2 239 /km² | ||||
Koordinatar | 53°29′N 49°31′E / 53.483°N 49.517°E | ||||
Høgd over havet | 90 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
SAMT (UTC+4) SAMST (UTC+5) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 445xxx | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)8482 | ||||
Bilnummer | 63, 163 | ||||
Nettstad: portal.tgl.ru/ |
Toljatti eller Togliatti (russisk Толья́тти) er ein by i Samara oblast i Russland. Han er det adminsitrative senteret i Stavropolskij rajon og har like over 700 000 innbyggjarar. Han er den største byen i Russland som ikkje er hovudstad i eit føderasjonssubjekt.
Han vart grunnlagd i 1737 som ei festning kalla Stavropol-na-Volge (russisk Ста́врополь-на-Во́лге) av den russiske politikaren Vasilij Tatisjtsjov. Under bygginga av Volga vasskraftverk i 1950-åra vart byen lagt under vatn av Kujbysjovreservoaret ved Volga og byen vart flytta og heilt bygd opp att på ein ny stad. I 1964 fekk byen namnet Toljatti (etter Palmiro Togliatti, ein minister i det italienske kommunistpartiet.
Toljatti er eit stort industrisentrum. Mest kjend er bilfabrikken Lada, den største bilfabrikken i Russland. Byen har òg maskin-, kjemi- og næringsmiddelindustri, seks universitet og høgskular, fleire museum, eit filharmoniorkester, teater og kulturhus. Han er òg kjend som ein idrettsby.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tolyatti» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2008.