Hvalstrand bad
Utsjånad
59°50′35.124″N 10°29′26.052″E / 59.84309000°N 10.49057000°E
Hvalstrand Bad ligg i tettstaden Vettre ved sjøen i Asker kommune og vart teikna av arkitekten Andre Peters i funksjonalisme. Badet stod ferdig første gang i 1934 og bestod av stupetårn, uvêrskur, rutsjebane, kiosker og leiinga sin pjolterstad, Direksjonen.
Hvalstrand bad og Ingierstrand bad var dei to viktigaste offentleg tilgjengelege bada på kvar side av Oslofjorden frå mellomkrigstida og i dei første tiåra av etterkrigstida.
I 1996 vart anlegget freda etter ei totalrenovering. Staden vert i dag driven som restaurant av restaurantkjeda Sult AS.
Bakgrunnsstoff
- Sult Hvalstrand Bad
- Hvalstrand bad i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Olavsrosa hjå Norsk Kulturarv
- Denne artikkelen bygger på «Hvalstrand bad» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2013.