Hopp til innhald

Sør-Gjæslingan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. september 2013 kl. 10:01 av Fredrasa (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «mini|Frå Sør-Gjæslingan '''Sør-Gjæslingan''' er eit fråflytta fiskevær som ligg i Vikna kommune. Området har ei gruppe småøyar ut ...»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Frå Sør-Gjæslingan

Sør-Gjæslingan er eit fråflytta fiskevær som ligg i Vikna kommune. Området har ei gruppe småøyar ut mot havstykket Folla, og ligg 5 mil sørvest for Rørvik. Det vart freda som eit kulturmiljø i 2010 og ligg under kystmuseet i Nord-Trøndelag. Det er i dag satsa på turistnæring her. Fiskeværet var tidlegare det største på Namdalskysten, med opp til 4 000 fiskarar samla under skreifisket, og eit av dei største fiskeværa sør for Lofoten.[1][2]

Gjester kan bu i dei gamle rorbuene og oppleve lokal historie og natur. Det er utleige møterom med sanitæranlegg og servering av mat. Ein kan også bestille båtar for fisketurar på havet eller for ferdsel på sjøen.[1]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «Sør-Gjæslingan». Store Norske Leksikon. Henta 4. september 2013. 
  2. «Opplev Sør-Gjæslingan». kystriksveien.no. Henta 4. september 2013. 

Bakgrunnsstoff