Hopp til innhald

Batalden Havbu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 2. september 2013 kl. 22:34 av Fredrasa (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «'''Batalden Havbu''' er eit gards- og fiskebruk som ligg på øya Store Batalden i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bruket er restaurert og har 3 sjøhus og 2 busta...»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Batalden Havbu er eit gards- og fiskebruk som ligg på øya Store Batalden i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bruket er restaurert og har 3 sjøhus og 2 bustadhus frå perioden 1820—1900. Her er også museumsavdeling og kunstgalleri.[1]

Batalden Havbu er open for gjester, som kan bu i Havbua frå 1850, i Litlebua frå 1820 eller i Gamlehuset frå 1840. I kjellaren i Gamlehuset er Galleri Havbu, som presenterer kunstnarar frå Vestlandet. Museet i Midtbua viser fram lokalhistorie i form av reiskapar, modellbåtar, tekst og bilete. Batalden Havbu har motteke byggeskikkpris, bygdeutviklingspris og Olavsrosa.[2]

Kjelder

  1. «Batalden Havbu». olavsrosa.no. Henta 2. september 2013. 
  2. «Batalden Havbu». VisitNorway. Henta 2. september 2013. 

Bakgrunnsstoff