Amperhaugen
Utsjånad
Amperhaugen er ein gard som ligg ved foten av Rondane nasjonalpark. Garden er open for gjester og tilbyr overnatting i eiga leilegheit, på setra eller i eit gamalt skulehus i nærleiken av garden.[1]
Dei eldste bygningane på garden vart bygde omkring 1700-talet. Det nyaste byggverket er frå 1996, men er bygd i gamal stil.[2]
Garden vart heidra med Olavsrosa den 1. september 2012. Prisen vart tildelt garden av di han er ein viktig arena for å halde bygdekultur og bygningstradisjonar i Østerdalen i hevd.[3]
Kjelder
- ↑ «Amperhaugen». olavsrosa.no. Henta 2. september 2013.
- ↑ «Amperhaugen tildeles Olavsrosa». Østlendingen. 24. august 2012. Henta 2. september 2013.
- ↑ «Amperhaugen heidra med Olavsrosa». Nationen. 24. august 2012. Henta 2. september 2013.