Hopp til innhald

Albertville

Koordinatar: 45°39′55″N 06°22′43″E / 45.66528°N 6.37861°E / 45.66528; 6.37861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albertville
Horisonten til Albertville
Horisonten til Albertville
Byvåpenet til Albertville
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Auvergne-Rhône-Alpes
Savoie
Geografi
Flatevidd 17,54 km²
Flatevidd
 - By

17,56 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

17 340
  988/km²
Koordinatar 45°39′55″N 06°22′43″E / 45.66528°N 6.37861°E / 45.66528; 6.37861
Høgd over havet 352 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: www.albertville.com

Albertville er ein by og kommune søraust i Frankrike i Dei franske Alpane og departementet Savoie. Byen er mest kjend som vertsby for vinter-OL 1992.

Albertville ligg ved elva Arly, like før ho munnar ut i elva Isère. Byen ligg i ei høgd mellom 345 og 2 037 meter.

Nærliggande fjell er: Belle Etoile, Dent de Conse, Négresse, Roche Pourrie, Mirantin, Pointe de la Grande Journée og Chaîne du Grand Arc.

Av nærliggande fjellkjeder finn ein Bauges, Beaufortain og byrjinga av Vanoise.

Albertville vart grunnlagd i 1836 av den sardiske kongen Karl Albert. Han består òg av mellomalderbyen Conflans, som har bygningar tilbake til 1300-talet. Sidan den gong har Albertville utført handel mellom Frankrike, Italia og Sveits, i tillegg til industriar som papirfabrikk og vasskraftverk.

Vinter-OL 1992 vart halde i Savoie-regionen, med Albertville som vertsby. Nokre av sportsarenaene har seinare vorte omforma til anna bruk. Enkelte sportsanlegg er framleis i bruk, som skøytebanen teikna av arkitekten Jacques Kalisz. Sjølve byen er derimot meir ein industriby enn ein turistby.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Albertville