Holdhus kyrkje: Skilnad mellom versjonar
s Språklenkjer har automatisk blitt flytta til Wikidata: d:Q12715493. |
s Langkyrkjer -> Bjørgvin |
||
Line 48: | Line 48: | ||
[[kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar]] |
[[kategori:Fortidsminneforeningens eigedommar]] |
||
[[Kategori:Fusa kommune]] |
[[Kategori:Fusa kommune]] |
||
[[Kategori:Langkyrkjer i |
[[Kategori:Langkyrkjer i ]] |
Versjonen frå 8. desember 2013 kl. 16:59
60°14′30″N 5°49′57″E / 60.24167°N 5.83250°E
Holdhus kyrkje | |||
kyrkje | |||
Halvard Hatlen
| |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Sokn | i privat eige (Fortidsminneforeninga) | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | tømmer, stav | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1306 eller 1726 | ||
• Endringar | utvida 1725, restaurert 1836 og 1905 | ||
Preikestol | ja | ||
Altartavle | Oppstoda | ||
Sitjeplassar | 90[1] | ||
Diverse | rosemåling | ||
Holdhus kyrkje 60°14′30″N 5°49′57″E / 60.24166667°N 5.8325°E | |||
Wikimedia Commons: Holdhus kirke |
Holdhus kyrkje også kalla Holdhus gamle kyrkje[2] er ei langkyrkje frå 1306 i Hålandsdalen i Fusa kommune, Hordaland fylke. Kyrkja vart sterkt ombygd i 1725, påbygd i 1836 og omfattande restaurert 1905-1906.[3] Fortidsminneforeninga skriv at bygget er frå 1726 kort tid etter at stavkyrkja på staden vart riven.[4] Bygningssoga er til dels uklar, med bygningsdelar frå fleire periodar og kontinuiteten frå stavkyrkja første gong nemnt i 1306 til den noverande tømmerkyrkja er usikker.[5]
Den noverande kyrkja er i lafta tømmer, våpenhuset er i stav. Det er berre ei gudsteneste årleg i denne mellomalderkyrkja, som har ei altertavle av Andreas Grønnig Stub frå 1839 med «Oppstoda». Den gamle altertavla frå 1590 var ei såkalla katekismetavle. Preikestolen er frå 1570, baldakinen over er frå 1850. Det er to kyrkjeklokker, dei er frå 1306 da kyrka var ny. Frå den tida er også ein madonnastatue i kalkstein. Heile kyrkjeskipet er rosemåla i romansk stil med søyler og rundbogar og dekorert med akantus og drueklasar.
Kyrkja gjekk ut av bruk som soknekyrkje (annekskyrkje i Fusa prestegjeld) i 1890. Den var tidlegare kjent som Hålandsdalen kyrkje. Fortidsminneforeningen eig kyrkja etter at foreininga i 1900 kjøpte den av gardbrukar Hans Holdhus, som hadde kjøpt den i 1893 for å hindre riving.[6] Om sommaren er det daglege omvisingar i kyrkja.
Kjelder
- Alf Henry Rasmussen: Våre kirker 1993, side 374 ISBN 82-7527-022-7
- ↑ Kyrkjebyggdatabasen om Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013.
- ↑ Kyrkjebyggdatabasen om Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013.
- ↑ Norges kirker Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013.
- ↑ Fortidsminneforeningen Holdhus gamle kirke, lese 10. april 2013.
- ↑ Norges kirker Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013.
- ↑ Fusa kommune Holdhus kyrkje, 10. april 2013.