Vinranke

planteslekt

Vinranke eller vin (Vitis) er ei slekt i vinrankefamilien. Ho omfattar mellom anna arten ekte vinranke (Vitus vinifera). Arten er ei gamal kulturvekst. Frukta av av vinranken er eitt av dei viktigaste landbruksprodukta til middelhavslanda, og er blitt brukt til å laga vin sidan antikken. Drueplanten likar seg best i jordsmon med mykje kalk og stein. Druer kan vera grøne, blå eller lilla.

Vinranke
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vitales
Familie: Vinrankefamilien Vitaceae
Underfamilie: Vitoideae
Slekt: Vinranke Vitis
L., 1753
Vinranker i Spania

Nokre artar

endre
  • Vitis vinifera, den europeiske vindrua.
  • Vitis labrusca, nordamerikansk bord- og druesaft, av og til nytta til vin. Vert dyrka aust i USA.
  • Vitis riparia, frå Nord-Amerika, vert dyrka i austlege delar av USA.
  • Vitis rotundifolia, vert nytta til gelé og av og til vin. Vert dyrka i det sørlege USA og ved Mexicogolfen.
  • Vitis aestivalis, sommarvin, sorten 'Norton' vert nytta til vin, vert dyrka i det austlege USA.
  • Vitis vulpina, vert dyrka i det austlege USA
  • Vitis californica er viktig for den kaliforniske vinindustrien fordi den er motstandsdyktig mot vinlus og toler klimaet.