Verdscupen i langrenn 1983/Kvinner

Verdscupen i langrenn for kvinner i 1983-sesongen omfatta 10 tevlingar. Tevlingane tok til 12. desember 1982 og vart avslutta 26. mars 1983. Dei ti renna bestod av tre tevlingar over 5 kilometer, fem over 10 km og to 20-kilometerar. Renna fann stad i Val di Sole i Italia, Klingenthal i Aust-Tyskland, Zadov i Tsjekkoslovakia, Sarajevo i Jugoslavia, Kavgolovo i Sovjetunionen. Falun i Sverige, Oslo i Noreg, Anchorage i USA og Labrador City i Canada.

Finske Marja-Liisa Hämäläinen sigra i tre tevlingar og vann FIS-pokalen. Også norske Brit Pettersen og Květa Jeriová frå Tsjekkoslovakia sigra i tre tevlingar, medan Blanka Paulů vann eitt renn.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng
1. Marja-Liisa Hämäläinen   Finland 144
2. Brit Pettersen   Noreg 136
3. Květa Jeriová   Tsjekkoslovakia 126
4. Blanka Paulů   Tsjekkoslovakia 121
5. Anne Jahren   Noreg 114
6. Ljubov Ljadova   Sovjetunionen 87
7. Inger Helene Nybråten   Noreg 80
8. Raisa Smetanina   Sovjetunionen 79
9. Anna Pasiarova   Tsjekkoslovakia 73
10. Marie Risby   Sverige 62
11. Julija Stepanova   Sovjetunionen
Ljubov Zimjatova   Sovjetunionen 60
13. Evi Kratzer   Sveits 59
14. Anette Bøe   Noreg 53
15. Marit Myrmæl   Noreg
Eija Hyytiäinen   Finland 51
17. Karin Jäger   Vest-Tyskland
Nadesjda Sjamakova   Sovjetunionen 45
19. Nina Skeime   Noreg 42
20. Grete Ingeborg Nykkelmo   Noreg
Judy Rabinowitz-Endestad   USA 38

Kjelder

endre
  • Sportsboken 83-84. Sportsboken As. Stavanger 1983.