Vaud er ein av kantonane i Sveits. Kantonen ligg i den sørvestlege delen av landet. Hovudstaden i Vaud er Lausanne. Kantonen hadde i 2018 om lag 800 000 innbyggarar. Flatevidda er på 3 212 km2.

Vaud
Waadt, Vaud, Vad
kanton
Symbol
Forkorting: VD
Land  Sveits
Del av Romandie, Genfersjøregionen
Hovudstad Lausanne
Høgaste punkt Les Diablerets
 •  høgd 3 210 moh.
Areal 3 211,94 km²
Folketal 799 145 (31. desember 2018)[1]
Kanton sidan 1803
Kart
Vaud
46°37′00″N 6°33′00″E / 46.616666666667°N 6.55°E / 46.616666666667; 6.55
Kart som viser Vaud.
Kart som viser Vaud.
Kart som viser Vaud.
Wikimedia Commons: Canton of Vaud

Geografi

endre

Størstedelen av kantonen ligg mellom Genfersjøen i sør og Neuchâtelsjøen i nord, ein del ligg aust for Genfersjøen. Kantonen grensar i nord til kantonen Neuchâtel, i aust til kantonane Fribourg og Bern, i sør til Valais og Genève, medan han i vest grensar opp mot Frankrike og til kantonen Jura. Landskapet i søraust ligg på nordsida av Bern-Alpane og er rike på fjell. I dette området, ofte kalla Vaud-Alpane, ligg høgste fjellet i kantonen, Les Diablerets, der ein òg finn dei einaste isbreane i kantonen. Dei sentrale delane av kantonen ligg i eit morenelandskap, og består såleis av ein god del åsar og mindre vatn. Områda i nordvest, der landskapet stig opp mot Jurafjella, er prega av lågare fjelltoppar, dei aller fleste med høgder mindre 1 500 meter over havet.

Språk og samfunn

endre

Talespråket i Vaud er fransk. 28 % av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar, ein stor del av desse kjem frå Italia. Om lag 40 % av innbyggarane er protestantar, nesten like mange, 34% soknar til den romersk-katolske kyrkja. Etter reformasjonen og inn i det 20. hundreåret var kantonen fullstendig dominert av protestantismen, veksten for katolisismen kjem mykje av den store innvandringa frå Sør-Europa.

 
Lausanne-området sett frå Mont Tendre. Bern-Alpane i bakgrunnen.

Distrikt og kommunar

endre

Vaud omfattar ti distrikt, som er delt opp i til saman 376 kommunar. Dei ti distrikta er Aigle, Broye-Vully, Gros-de-Vaud, Jura-Nord Vaudois, Lausanne, Lavaux-Oron, Morges, Nyon, Ouest Lausannois og Riviera-Pays-d'Enhaut.

Dei mest folkerike kommunane etter Lausanne, er Yverdon-les-Bains, Montreux, Renens, Nyon, Vevey, Pully, Morges, Gland, Prilly, Ecublens og La Tour-de-Peilz. Alle desse har over 10 000 innbyggarar.

Historie

endre

Gjennom mellomalderen rådde ulike maktsentera over landområda i det seinare Vaud. Burgundarar tok kontroll over området på 400-talet. Seinare, i merovingartida, rådde frankarar til desse i 888 måtte vike for karolingane sitt keisardømme. Det tyske fyrstehuset Zähringen erobra makta i 1032 og styrte Vaud til 1218. Ei ny fyrsteslekt, hertugane av Savoie, fekk makta og skapte, gjennom danninga av eit baroni, den første politiske eininga i området. På 1400-talet vart Savoy si makt svekka, og militære styrkar frå kantonen Bern byrja erobre delar av området. I 1536 annekterte Bern heile det seinare Vaud.

Bernesarane var lite populære, særleg hos dei franskspråklege i Vaud. Dei fransktalande kjende seg tilsidesett i høve til dei som tala tysk. I 1723 leia offiseren Abraham Davel eit opprør, som vart slått ned, og Davel vart avretta. Seinare dreiv vaudarane ut guvernøren frå Bern, og danna i 1798 utbrytarkantonen Léman. Denne kantonen gjekk same året med i den nyskipa republikken Helvetia. Etter republikken braut saman i 1803, gjekk Vaud inn i den sveitsiske føderasjon som eigen kanton. Under den sveitsiske borgarkrigen i 1847, var Vaud ein sterk motstandar av dei konservative og katolsksinna kantonane.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Vaud