Springvaktlar
Springvaktlar er ein biologisk familie av 16 fugleartar i ordenen vade-, måse- og alkefuglar. Leveområde for desse fuglane er varmt grasland i Sør-Spania, Asia, Afrika og Australia.
Springvaktlar | |
Raudbrystspringvaktel Turnix pyrrhothorax | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Springvaktlar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Springvaktlar Turnicidae G. R. Gray, 1840 |
Springvaktlar er små, lite synlege fuglar som helst spring på bakken framfor å flyge. Hofuglane er mest fargerike og tar initiativ til paringsleik. Til forskjell frå dei fleste andre fuglar er artane i denne familien polyandriske, hofuglar sirkulerer blant fleire hannar og held rivaliserande hoar borte frå territoriet ho gjer krav på. Begge kjønna samarbeider i å byggje reiret på bakken, men berre hannen rugar på egga og syter for ungane. Rugetida er på 12 eller 13 dagar, og ungane er flygedyktige innan to veker etter klekking.
Springvaktlar liknar vaktlar utan at familiane er nært relaterte. Tradisjonelt var springvaktlar klassifisert som tranefuglar eller som hønsefuglar, Galliformes. No er springvaktlelfamilien tatt med i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes.[1]
Artsliste
endreSpringvaktlar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]
- Slekt Turnix
- Springvaktel, Turnix sylvaticus, Small Buttonquail, Desfontaines, 1787, (LC)
- Raudhalsspringvaktel, Turnix maculosus, Red-backed Buttonquail, Temminck, 1815, (LC)
- Svartgumpspringvaktel, Turnix nanus, Black-rumped Buttonquail, Sundevall, 1851, (LC)
- Fynbosspringvaktel, Turnix hottentottus, Hottentot Buttonquail, Temminck, 1815, (EN)
- Orientspringvaktel, Turnix tanki, Yellow-legged Buttonquail, Blyth, 1843, (LC)
- Kastanjespringvaktel, Turnix ocellatus, Spotted Buttonquail, Scopoli, 1786, (LC)
- Bandspringvaktel, Turnix suscitator, Barred Buttonquail, Gmelin, 1789, (LC)
- Madagaskarspringvaktel, Turnix nigricollis, Madagascar Buttonquail, Gmelin, 1789, (LC)
- Svartbrystspringvaktel, Turnix melanogaster, Black-breasted Buttonquail, Gould, 1837, (NT)
- Perlespringvaktel, Turnix castanotus, Chestnut-backed Buttonquail, Gould, 1840, (LC)
- Rustnakkespringvaktel, Turnix olivii, Buff-breasted Buttonquail, Robinson, 1900, (EN)
- Raudaugespringvaktel, Turnix varius, Painted Buttonquail, Latham, 1801, (LC)
- Luzonspringvaktel, Turnix worcesteri, Luzon Buttonquail, McGregor, 1904, (DD)
- Sumbaspringvaktel, Turnix everetti, Sumba Buttonquail, Hartert, 1898, (VU)
- Raudbrystspringvaktel, Turnix pyrrhothorax, Red-chested Buttonquail, Gould, 1841, (LC)
- Vandrespringvaktel, Turnix velox, Little Buttonquail, Gould, 1841, (LC)
- Slekt Ortyxelos
- Lerkespringvaktel, Ortyxelos meiffrenii, Quail-plover, Vieillot, 1819, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger dels på «Buttonquail» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2009
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. september 2020
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
Bakgrunnsstoff
endre- Springvaktar i videoopptak hos Internet Bird Collection