Trygve Hoff
- For økonomen og redaktøren, sjå Trygve J.B. Hoff.
Trygve Henrik Hoff (7. juli 1938–2. desember 1987) var ein norsk visesongar og tekstforfattar.
Trygve Hoff | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. juli 1938 Rognan |
Død |
2. desember 1987 (49 år) |
Yrke | dirigent, låtskrivar, plateartist |
Språk | norsk |
Liv
endreHoff var fødd og oppvaksen på Rognan i Nordland. I alle år var han oppteken av oppveksten og røtene sine. Han var saltdaling og nordlending. Her henta han inspirasjon til tekstane sine, og her høyrde han heime.
Hoff var lærar på Buskerud folkehøgskole (Heimtun) i mange år, då han budde på Darbu i Øvre Eiker kommune. Han var ein periode dirigent for Berlevåg Mannsangforening[1][2]
Trygve Hoff fekk tre barn: Ståle, Stig Henrik og Siv Elisabeth, Ståle var også ein god musikar før han vart sjuk, han spelte på fleire av platene til faren og har lagd melodien til «Folk é så bra» saman med Terje Blickfeldt. Stig Henrik og Siv Elisabeth er i dag etablerte skodespelarar.
Hoff er gravlagd ved Fiskum kyrkje. Han vart hylla med Nordland fylkes kulturpris post mortem i 1988.
Verk
endreSamleplata hans «Snart gryr en dag» vart i 2004 av avisa Nordlys og NRK kåra til tidenes nordnorske samlealbum. Hoff skreiv ei rad viser med utspring i landsdelen. Han skildra «Jentan på fileten», og skreiv også tekstar for andre artistar og turnerte Nord-Noreg flittig heilt til han gjekk bort.
«Har en drøm» og «Ei hand å holde i» er songar som dei fleste kjenner, begge vart gjeve til Jørn Hoel.
På Sissel Kyrkjebø si debutplate Sissel finn vi heile songar med tekst av Trygve Hoff, «Tenn et lys», «I ditt smil» og «Dagen gryr» (mel. Svein Gundersen), «Inn til deg» (mel. Lars Muhl) og «Det skal lyse en sol» (mel. Lasse Holm).
Diskografi
endre- 1979 Kokfesk & Ballade
- 1980 Fokti
- 1980 Rækved og lørveblues
- 1983 Dele med dæ
- 1985 Midt i livet
- 1988 Snart gryr en dag (samleplate)
1993 Lån mæ no'n tima (samleplate)
- 1994 Trygve Hoff (utgjeve i regi av Televerket)
- 1995 Trollfjell her i nord (Lydbok i samarbeid med Karl Erik Harr)
- 2008 Kokfesk & Ballader (samleplate)
Visebøker
endre- 1981 Kokfesk, ballader og lørveblues.
- 1982 Trollfjell her nord
- 1984 Eventyr langs leia.
- 1985 Lyset i mørketida.
- 1983 Villblomar i visehagen (redaktør)
Utvalde plater av andre artister
endre- 1986 Sissel Kyrkjebø - Sissel
- 1987 Jørn Hoel - Varme ut av is
- 1988 Solfrid Hoff (nå Solfrid Nilsen) - Prinsessa i tårnet
- 1994 Sissel Kyrkjebø - Amazing Grace
- 1995 Bodø-oktetten - Nocturne i Nord
- 1995 Jørn Hoel - Jørn Hoels beste
Trygve Hoffs Minnefond og Minnepris
endreTrygve Hoffs Minnefond vart stifta 12. februar 1988 til ære for kulturarbeidaren. Grunnkapitalen i fondet er skaffa til vege ved støttekonsertar, offentlege tilskott og private gåver.
Formålet er å dele ut Trygve Hoffs minnepris, som blir finansiert av avkastninga av grunnkapitalen. Minneprisen går til ein person eller ei gruppe personar som arbeider med kulturarbeid i Trygve Hoffs and.
Tygve Hoffs minnepris
- 1989: Norsk Revyfestival
- 1990: Sommer-Melbu
- 1992: Per Indrehus
- 1994: Solveig L. Hermo
- 1996: Ola Bremnes
- 1998: Tor Halvard Nilsen
- 2000: Bente Reibo
- 2004: Bjørn Andor Drage
- 2006: Alt for Rognan
- 2008: Kristin Mellem
- 2013: Henning Sommerro[3]
- 2015: Tori Snerte[4]
- 2017: Erling Riibe Ramskjell[5]
- 2020: Tonje Unstad[6]
Bakgrunnsstoff
endre- ballade.no om Trygve Hoff Arkivert 2007-03-07 ved Wayback Machine.
- Blåfrostfestivalen markerer Trygve Hoff Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Kulturnett om Trygve Hoff
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Trygve Hoff» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2009.
- ↑ Øgland, Tom Erik; Pirum (sangkor) (2002). Pirum 1965-2000. Pirum forl.
- ↑ Harr, Karl Erik (28. september 2014). «Trygve Hoff». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 5. mai 2019.
- ↑ Avisa Nordland - Dag Pettersen - «Glad vinner i sommersol» 26. august 2013 Side 7 - Seksjon: kultur
- ↑ «Trygve Hoff Minnepris 2015 > Norsk kulturskoleråd». kulturskoleradet.no (på norsk). Henta 5. oktober 2022.
- ↑ aslaug (28. juni 2017). «Trygve Hoffs Minnepris til Erling Riibe Ramskjell • ballade.no». ballade.no (på norsk bokmål). Henta 5. oktober 2022.
- ↑ Nybakken, Vilde Øines (15. januar 2020). «Tonje Unstad får nordnorsk kulturpris». Fremover (på norsk). Henta 5. oktober 2022.