Trilogi
Ein trilogi er ei samling av tre kunstnariske verk, vanlegvis innan litteratur eller film. Avsnitta i trilogien har noko til felles, vanlegvis ei handling som føregår over dei tre delane, men det finst òg trilogiar med ein tematisk eller meir abstrakt samanheng.