Szeged
Szeged (kroatisk og tyrkisk Segedin, serbisk Сегедин, Segedin, tysk Szegedin/Segedin, polsk Segedyn) er den fjerde største byen i Ungarn, og hovudstad i fylket Csongrád og regionssenter i Den sørlege store sletta.
Szeged | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Megye |
Ungarn Den sørlege store sletta Csongrád | ||||
Først nemnd i | 1183 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
280,84 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
162 889 581/km² | ||||
Koordinatar | 46°15′18″N 20°08′42″E / 46.25500°N 20.14500°E | ||||
Høgd over havet | 75 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 6700–6791 | ||||
Telefon-retningsnummer | 062 | ||||
Heimeside: www.szegedvaros.hu |
Szeged ligg nær den sørlege grensa til Ungarn på begge sider av elva Tisza, like sør for munninga av elva Maros.
Historie
endreSzeged og området rundt har vore busett sidan antikken. Klaudios Ptolemaios nemnde det eldste namnet på byen: Partiscum. Det er mogeleg at Attila, kongen av hunarane hadde setet sitt ein stad i området. Namnet Szeged vart fyrst nemnd i 1183, i eit dokument av kong Béla III.
Under den mongolske invasjonen vart byen øydelagd og innbyggjarane måtte flykte til dei nærliggjande myrane, men dei kom snart attende og bygde opp att byen sin. På 1300-talet, under regjeringstida til Ludvig den store vart Szeged den viktigaste byen i Sør-Ungarn, og då den tyrkiske hæren stadig kom nærare vart Szeged strategisk viktigare. Kong Sigismund av Luxembourg fekk bygd ein bymur rundt byen og Szeged fekk status som fri keisarby i 1498.
Szeged vart fyrst plyndra av den osmanske hæren 28. september 1526, men vart ikkje okkupert før i 1543, og vart det administrative senteret for osmanarane i området. Byen vart frigjort frå det tyrkiske styret 23. oktober 1686 og fekk attende statusen sin som fri keisarby i 1715. I 1719 fekk Szeged byvåpenet sitt, som framleis er i bruk i dag, av Karl III. Dei neste åra blømde Szeged. Piaristmunkar kom til byen i 1719 og opna ein gramatikkskule her i 1721. Dei hadde òg førelesingar innan vitskap og førte opp teaterstykke. Samstundes, i åra mellom 1728 og 1744 var hekseforfølgjingane omfattande i byen.
Szeged er kjend som heimstaden til paprikaen. Paprikaen kom til Ungarn på andre halvdel av 1500-talet som ei dekorativ plante. Om lag 100 år seinare vart planta dyrka som ei urte.[1] Szeged er òg kjend for Székelygulyás, ein gulasj laga av svinekjøt, surkål og rømme.[2]
Innbyggjarane i Szeged spelte ei viktig rolle under revolusjonen og sjølvstendekrigen i 1848-49. Lajos Kossuth framførte sin vidkjende tale her. Szeged var det siste setet til revolusjonsregjeringa i juli 1849. Habsburg-styret straffa leiarane av byen, men seinare fekk Szeged bløme igjen, byen fekk jarnbane i 1854, og han fekk tilbake statusen som fri keisarby i 1860. Mark Pick sin butikk – forgjengaren til den i dag verdskjende Pick Salami-fabrikken – opna i 1869.
I dag har sentrum av Szeged vakre bygg og breie avenyar. Dette kjem hovudsakleg av den store flaumen i 1879, som bokstavleg talt tok med seg heile byen (berre 276 av 5723 hus stod att og 165 menneske omkom). Keisar Frans Josef vitja byen og lovde at «Szeged skulle bli vakrare enn han brukte å vere». Dei neste åra stod det fram ein moderne by frå ruinane med palass og breie gater.
Etter den fyrste verdskrigen miste Ungarn dei sørlege områda sine til Romania og Serbia, og Szeged hamna med det nær landegrensa og vart mindre viktig, men sidan han tok over rolla til byane Ungarn miste i området, kom han sakte tilbake. Universitet i Kolozsvár (i dag Cluj-Napoca i Romania) vart flytt til Szeged i 1921. I 1923 fekk Szeged bispesete frå Temesvár (i dag Timişoara i Romania).
Szeged vart hardt råka av den andre verdskrigen og 6 000 innbyggjarar i byen omkom. Jødane vart fyrst plasserte i gettoar, så førte til dødsleirane. Sovjetiske styrkar frigjorde byen i 1944. I kommunist-perioden vart Szeged senter for småindustri og næringsmiddelindustri. I 1965 vart det funne olje i nærleiken av byen. Området forsyner i dag 67 % av det totale oljeforbruket i landet.
I 1962 vart Szeged fylkeshovudstad i Csongrád. Det vart bygd heilt nye bydelar og mange nærliggjande landsbyar vart ein del av byen i 1973.
I dag er Szeged ein viktig universitetsby og eit populært turistmål.
Kjelder
endre- ↑ «Paprika». Arkivert frå originalen 28. juni 2006.
- ↑ Gulasj frå Szeged, arkivert frå originalen 18. desember 2007, henta 25. september 2007
- Denne artikkelen bygger på «Szeged» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2007.