Sin City er ein film noir-inspirert teikneserie av Frank Miller. Handlinga er lagt til Basin City, som er full av korrupsjon, kriminalitet og drap. Sin City-serien består hittil av seks lange og fleire kortare historier. I 2005 blei nokre av dei filmatiserte i filmen Sin City.

Figurar

endre

Blant dei viktigaste figurane i Sin City er

  • Marv, ein valdeleg mann med ein forferdeleg utsjånad, som ikkje skyr noko middel i jakta på hemn for drapet på den prostituerte Goldie
  • Dwight McCarthy; sjølv om han er ein valdeleg mordar, er Dwight også ein gentleman som fleire gongar hjelper damene i Old Town, horestrøket i Basin City.
  • John Hartigan, ein av dei få ærlege politimennene i den gjennomkorrupte byen. Han hamnar i store problem fordi han redder litle Nancy Callahan frå den pedofile sonen til senator Roark. I panna har han eit X-forma arr, utan at vi kjenner grunnen til dette.

Historier

endre

Sin City (The Hard Goodbye)

endre

blei først gidd ut i delar i Dark Horse Presents utgåver #51-62 og i 5th Anniversary Special (juni 1991-juni 1992) under namnet Sin City. Namnet The Hard Goodbye fekk ho først da ho blei gitt ut i bokform i januar 1993.

Hovudpersonen er Marv, som vaknar opp på eit hotell og oppdagar at kvinna han nettopp hadde sex med, Goldie, har blitt myrda mens han sov. Like etter dukkar politiet opp for å arrestere han, og Marv skjønar at nokon har betalt for å få han tatt for mordet. Etter å ha flykta frå politiet bestemmer han seg for å finne og hemne seg på dei som står bak drapet på den einaste kvinna som nokon gong ville ha sex med han.

A Dame To Kill For

endre

Den andre historia om Basin City blei publisert i eige blad frå november 1993 til januar 1994.

Her møter vi fotografen Dwight McCarthy, som er på oppdrag for ei kvinne som vil finne ut om mannen hennar er utru. Det endar med at han må redde den prostituerte Sally frå å bli skoten av nettopp denne mannen. Seinare same natt får Dwight ein telefon frå eksen Ava, som gjekk frå han til fordel for den styrtrike Damien Lord fire år tidlegare. Dwight møter Ava og får vite at livet med Damien er eit helvete, før dei blir avbrotne av Manute, ein stor svart mann som jobbar for Damien. Han tar Ava med seg tilbake til sjefen sin. Dwight får ikkje sove den natta, og bestemmer seg for å finne ut meir om Damien Lord.

endre

Først utgitt i november 1994, inneheld tre korte historier.

  • And Behind Door Number Three? - Ei firesiders historie som handlar om Gail og Wendy i Old Town, som legg ei felle for ein mann dei mistenker tar livet av prostituerte.
  • The Customer Is Always Right - Denne firesiders historia handlar om leigemordaren "The Salesman" ("Selgjaren") og "The Customer" ("Kunden"), ei kvinne som sannsynlegvis sjølv har hyra "The Salesman" til å drepe ho for å unngå ein verre død for hendene på nokon som truar og jagar ho.
  • The Babe Wore Red - 23 sider om Dwight, som finn vennen Fargo hengt. Etter å ha leita gjennom leilegheita til Fargo, kjem han borti duoen Douglas Klump og Burt Schlubb, pluss ei kvinne i ein raud kjole, som seier ho heiter Mary og er prostituert. Dwight må rømme med Mary frå Klump og Schlubb.

Silent Night

endre

Denne historia, 15 sider utgidd i november 1994, handlar om Marv og korleis han må redde ei lita jente frå fangenskap.

The Big Fat Kill

endre

Dette er den tredje lange historia som blei gidd ut frå november 1994 til mars 1995. Dwight hamnar her i problem med Jackie-Boy, eksen til Dwights kjærast Shellie.

That Yellow Bastard

endre

Fjerde lange historie i Sin City-serien handlar om politimannen John Hartigan og blei gidd ut i seks delar frå februar 1996 til juli same år. Hartigan må her redde 11 år gamle Nancy Callahan frå å bli valdtatt av den pedofile Roark jr, sonen til senator Roark.

Daddy's Little Girl

endre

Først utgidd i A Decade of Dark Horse #1 (juli 1996) og seinare gidd ut i Tales to Offend #1 (juli 1997), og igjen i Booze, Broads and Bullets. Johnny er forelska i den mykje yngre Amy. Ho fortel han at faren ikkje vil godta det, og får Johnny til å ta med seg ein revolver for å ta livet av faren.

Lost, Lonely & Lethal

endre

Inneheld tre korte historier og blei først utgitt i desember 1996

  • Fat Man and Little Boy - tre sider lang historie om småkjeltringane Douglas Klump og Burt Schlubb, også kjende som Fat Man og Little Boy.
  • Blue Eyes - 14 sider lang historie om ein mann ved namn Jim som blir forfølgt av ein leigemordar, rømmer inn på Kadie's og møter ekskjærasten Delia.
  • Rats - 7 sider lang historie om ein sadistisk krigsforbrytar som gassar i hel rotter i omnen sin; han mistar til slutt livet på same måte.

Sex & Violence

endre

Sex & Violence blei først gidd ut i mars 1997 og inneheld to historier om leigemordaren Delia.

  • Wrong Turn (23 sider)
  • Wrong Track (3 sider)

Just another Saturday Night

endre

Utgidd for først gong i Sin City #1/2, august 1997, gjennom eit spesialtilbod og i avgrensa opplag, utgidd på nytt i oktober 1998. Historia handlar om Marv som forfølgjer ein gutegjeng med rikmannsungdommar som sett fyr på uteliggarar.

Family Values

endre

Denne femte langhistoria kom i oktober 1997. Til forskjell frå dei fire andre historiene blei Family Values gidd ut som bok, heile historia på ein gong, og ikkje delvis. Her driv Dwight og etterforskar kven som står bak eit drap på eit gjengmedlem.

Hell and Back

endre

Denne lengste av alle Sin City-historiene blei gidd ut frå juli 1999 til april 2000, og handlar om Wallace, ein kunstnar og krigshelt, som reddar ei kvinne som heiter Esther frå sjølvmord. Seinare, når dei går ut for å ta ein drink, blir Esther kidnappa av to menn. Wallace bestemmer seg for å redde ho.

Booze, Broads & Bullets

endre

Dette er ei samlebok frå 1998 som inneheld alle Frank Miller sine korthistorier frå Sin City. Historiene er i denne rekkefølgja:

  • Just Another Saturday Night
  • Fat Man and Little Boy (Lost, Lonely, & Lethal)
  • The Customer is Always Right (The Babe Wore Red and Other Stories)
  • Silent Night
  • And Behind Door Number Three? (The Babe Wore Red and Other Stories)
  • Blue Eyes (Lost, Lonely, & Lethal)
  • Rats (Lost, Lonely, & Lethal)
  • Daddy's Little Girl
  • Wrong Turn (Sex and Violence)
  • Wrong Track (Sex and Violence)
  • The Babe Wore Red (The Babe Wore Red and Other Stories)

Nye historier

endre

Ifølgje Frank Miller sjølv kjem det til å komme fleire historier frå Sin City, og at han jobbar med nye historier til filmane.

Ei av dei nye historiene vil handle om Nancy Callahan, som skal hemne Callahans død ved å drepe dei resterande medlemmene av Roark-familien. Denne historia er med i filmen Sin City 2 og vil også bli trykt som teikneserie.

Sin City

endre

I 2005 kom filmen Sin City. Han tok for seg historiene «The Customer is Always Right», «Sin City (The Hard Goodbye)», «The Big Fat Kill» og «That Yellow Bastard». Bruce Willis spelte her Hartigan.

Sin City 2

endre

Denne filmen, som er planlagt utgitt i 2010, er hovudsakleg basert på "A Dame To Kill For". Den opphavlege planlagde utgivingsdatoen var i 2008, men dei to regissørane Frank Miller og Robert Rodriguez har vore opptatte med andre prosjekt. I rolla som Nancy Callahan vil vi finne Jessica Alba.

Sin City 3

endre

Tidlegare planlagt å komme i 2011, skal bygge på "Hell and Back". Robert Rodriguez skal visstnok ønske seg Johnny Depp i rolla som Wallace.