Shine On
Shine On Plateboks av Pink Floyd | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. november 1992 | |
Innspelt | 1967-1987 | |
Sjanger | Psykedelisk rock, progressiv rock | |
Lengd | 6:20:16 | |
Selskap | EMI (Europa), Columbia (USA) | |
Produsent | Sjå kvart album | |
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
Delicate Sound of Thunder (1988) | Shine On | The Division Bell (1994)
|
Shine On er ein plateboks av Pink Floyd gjeve ut i 1992, som inneheld sju av platene deira i tillegg til ei bonusplate. Boksen kom i samband med 25-årsjubileumet til bandet. Alle platene var digitalt nymastra.
Dei åtte platene i boksen er:
- A Saucerful of Secrets
- Meddle
- The Dark Side of the Moon
- Wish You Were Here
- Animals
- The Wall (dobbeltalbum)
- A Momentary Lapse of Reason
- The Early Singles (bonusplate, som ikkje er tilgjengleg andre stader)
Inkludert i boksen var òg ei bok om historia til Pink Floyd frå oppstarten av bandet til slutten av 80-talet.
Nick Mason føreslo først at boksen burde heite «The Big Bong Theory», men forslaget vart nedstemd. Ein bong er eit redskap som brukast for å innta urter og rusmidler som for eksempel marijuana.
Medverkande
endre- Roger Waters - Bass, vokal, lydeffektar, tekstar, produsent og tuba.
- David Gilmour - Gitar, slidegitar, kazoo, lydeffektar, bass, lap steelgitar, vokal, tekstar, produsent.
- Richard Wright - Tangentar, orgel, piano, synthesizer, trombone, klavinett, lydeffektar, tekstar, produsent og vokal
- Nick Mason - Trommer, perkusjon, lydeffektar og produsent
- Syd Barrett - Gitar, tekst og vokal.
med
- Norman Smith - Produsent, trommer og korist
- Åtte medlemmar frå Frelsesarmeen - Ray Bowes (kornett), Terry Camsey (kornett), Mac Carter (trombone), Les Condon (Eb bass), Maurice Cooper (Eufonium), Ian Hankey (trombone), George Whittingham (Bb bass), og ein til på «Jugband Blues».
- Clare Torry - Vokal på «The Great Gig In The Sky».
- Dick Parry - Saksofon på «Money», «Us and Them» og «Shine On You Crazy Diamond».
- Roy Harper - Vokal på «Have A Cigar».
- Lesley Duncan, Doris Troy, Barry St. John, Liza Strike , Carlena Williams og Vanetta Fields - Koristar
- Islington Green School kor på «Another Brick In The Wall (Part 2)»
- Jeff Porcaro - trommer på «Mother».
- Lee Ritenour - Akustisk gitar på «Comfortably Numb».
- Jon Carin - Tangentar på A Momentary Lapse of Reason.
- Scott Page - Tenor saksofon på «The Dogs of War».
- Tony Levin - Bass på A Momentary Lapse of Reason.
- Storm Thorgerson - Albumdesign
- Aubrey Powell - Albumdesign
- James Guthrie - Medprodusent, perkusjon på «The Happiest Days of Our Lives» og «In The Flesh»
- Alan Parsons - Lydteknikar
- Bob Ezrin - Medprodusent på The Wall, orkesterarrangement, tangentar
- Gerald Scarfe - Albumdesign av The Wall
- Michael Kamen - Orkesterarrangement på The Wall
- Patrick Leonard - Tekstar og synthesizer
- Joe Boyd - Produsent av «Arnold Layne» og «Candy and a Currant Bun».
- Steve O’Rourke - Manager.