Den iranske kongeboka

(Omdirigert frå Shahnameh)

Den iranske kongeboka, på persisk Shahname ('Kongesoga'), er nasjonaleposet for Stor-Persia og Iran. Verket blei skrive av Firdausi i løpet av 40 år, i overgangen mellom 900- og 1000-talet. Kongeboka er verdas lengste dikt som er skrive av ein og same forfattar. Det var det første større verket skrive på persisk, og inleidde ei litterær blomstringstid for språket. Dei rytmiske og rimfulle versa blir framleis lesne og framførte av persisktalande i Iran og utlandet. Verket fester persiske førislamske myter og historie til papiret, og er dermed også svært viktig for parsarar. Kongeboka er også kjend for fleire utgåver rikt illustrerte med persisk miniatyrmåleri.

Veldig har eg strevd gjennom desse tretti åra
Og med dette verket kalla det persiske språket tilbake til livet.

Firdausi
Den iranske kongeboka


Slaget mellom den iranske hæren leidd av Kai Khosrow og den turanske leidd av Afrasiab. Illustrasjon frå Bayasanghori Shâhnâmeh frå 1430.

Innhald

endre

Handlinga i Shahname skildrar Persarriket frå ei mytisk urtid og fram til tida rett før den arabiske invasjonen. Eposet kan grovdelast i tre, der den første delen tek for seg skapinga av Persia og den mytiske fortida til området, den andre om sogekongar og heltar, og den tredje fortel halvmytiske soger om historiske kongar. Verket omfattar herredømet til rundt 50 kongar, frå dei første, førhistoriske herskarane og gjennom dei historiske akemenide-, selevkid-, partia- og sassanidedynastia. Rostam, son av Zal og Rudabeh, er den viktigaste helten i eposet.

Den første delen fortel korleis menneskesamfunnet til og om korleis dei temde seg husdyr. Han tek også opp kampen mellom det gode og det vonde og utforminga av det iranske området. Eit av hovudpunkta til Firdausi ser ut til å vera at mens både kongar og heltar døyr, består Iran.

Nokre viktige personar i verket

endre
 
Tahmina oppsøker Rostam.

Rostam-sogene

  • Zal, prins av Zabolestan, fødd kvithåra og oppfostra av den mytologiske kjempefuglen simurg
  • Rudabeh, kongsdotter i Karbol, med «augebryn som ramnvengjer og eit andlet lyst som månen».
  • Rostam, son av Zal og Rudabeh, fødd ved verdas første keisarsnitt ettersom han var stor som «ein løveunge» allereie ved fødselen
  • Rakhsh, den lynraske hesten til Rostam
  • Kongsdottera Tahmina i Samangam, «elegant som ein sypress»
  • Sohrab, sonen til Rostam og Tahmina som faren først såg som vaksen krigar, på motsett side
  • Esfandiar, kongsson som får i oppdrag å fanga Rostam og møter han i tvikamp
  • Siavash, son av sjah Kai Kavus som avviste stemor si Sudabeh og deretter drog i eksil til Turan, der han blei drepen
  • Kai Khosrow, son av Siavash som hadde ei magisk skål, Jaam-e Jam, som kunne visa framtid og sanning

Historiske personar

Den første personen ein i ettertid kan identifisera som historisk er Aleksander den store. Kyros den store og Akamenidedynastiet, som kom før han, er derimot ikkje nemnde. Sassanidedynastiet er skildra rimeleg historisk.

Komposisjon

endre

Den iranske kongeboka er skriven på ei tidleg form av moderne persisk. Diktverket omfattar 50 000 versepar (bayt) som kvart inneheld to halvvers kalla misra‘.

Firdausi byrja diktverket sitt i 977 og avslutta det i 1010. Han bygde til ei viss grad på eit tidlegare heltedikt av Dakiki, noko han oppgjev i diktet, men nytta hovudsakleg soger og eldre episk dikting. Firdausi tileigna verket til Mahmud av Ghazni, den mektige herskaren av dagens Afghanistan.

 
Fuglejakt. Qajarillustrajson frå 1837.

Tyding

endre

Den iranske kongeboka er rekna som persisk nasjonalarv, både i Iran, Kaukasus, Sentral-Asia og Nord-India, og som ein del av verdslitteraturen. Firdausi festa nokre av dei førislamske persiske mytene til papiret, og bidrog dermed til å redda eldre iransk kultur frå å bli gløymd etter arabiske og tyrkiske erobringar. Språkleg bidrog forfattaren til å grunnleggja den nypersiske litteraturen. Kongeboka er framleis rekna som ein av grunnsteinane til farsi.

Kongeboka blir framleis lesen og framført i Iran og andre stader. Ulike herskarar sidan har brukt henne til å legitimera makta si. Dette er bakgrunnen for mange av dei praktfullt illustrerte utgåvene av verket. Under det siste kongehuset i Iran blei Firdausi og verket hans heidra gjennom festivalar og eit mausoleum til diktaren.

Utgåver

endre

Illustrerte utgåver av Shahname er meisterstykke innan persisk miniatyrmåleri. Det finst fleire fullstendige utgåver, men to av dei best kjende, Houghton-Shahname og Store Mongolske Shahname, er blitt delte opp slik at sider kunne seljast kvar for seg. Bayasanghori Shâhnâmeh i Golestan-palasset i Teheran er innskrive på UNESCO si minneliste over kulturell verdsarv.

Omsetjingar

endre

Det er gjort fleire forsøk på å setja om Kongeboka. På engelsk finst til dømes:

  • B.W. Robinson, The Persian Book of Kings. (London and New York, 2002), ei prosaoppsummering
  • A.G. and E. Warner, The Shahnama of Firdawsi, 9 vols. (London, 1905-25), på vers
  • Dick Davis, Stories from the Shahnameh of Ferdowsi, 3 vols. (Washington: Mage, 1998, 2000 and 2004), nesten komplett prosaomsetjing
  • Reuben Levy, The Epic of the Kings (Chicago, 1967), prosaomsetjing av utvalde stykke

Berre delar av boka er omsett til norsk:

  • M. Jafar Jafarnejad og Bjarne Slapgard, Den iranske kongeboka (1990), bokmål/nynorsk-versjon
  • Iraj Nouri, Zal den hvithårede (1998) og Zal og Rudabe (2002), illustrerte barnebøker

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre