Sarpsborg kommune
Sarpsborg kommune er ein kommune i Østfold fylke, som ligg på vestsida av Glomma ved Sarpefossen og grensar i nord til Våler kommune og Skiptvet kommune, i aust mot Rakkestad kommune og Halden kommune, i vest mot Fredrikstad kommune og Råde kommune og i sør mot Hvaler kommune. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1992, da han blei slått saman med kommunane Varteig, Skjeberg og Tune.
Sarpsborg kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Adm.senter | Sarpsborg | ||
Areal | 406 km² | ||
• land | 380 km² | ||
• vatn | 26 km² | ||
Folketal | 59 771 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Magnus Arnesen (H) | ||
Kommunenr. | 3105 | ||
Sarpsborg kommune 59°17′26″N 11°12′10″E / 59.290561111111°N 11.202780555556°E | |||
Kart som viser Sarpsborg kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Sarpsborg | |||
Nettstad: www.sarpsborg.kommune.no |
Samferdsel
endreI Sarpsborg kommune møtest dei vestre og austre linjene av Østfoldbanen, og dermed er kommunen eit viktig knutepunkt. Det er monaleg godstransport til dei store industribedriftene og til hamneområda i Sannesund. E 6, hovudvegen til utlandet, går i høgbru over Glomma i Sannesund. Det er fylkesvegar på begge sidene av Glomma til Fredrikstad, fylkesveg 109 og fylkesveg 111. Fylkesveg 111 held fram nordover til Rakkestad på austsida av Glomma. Fylkesveg 114 går til Skiptvet på vestsida av elva.
Næringsliv
endreSagbruksverksemd og trelastutskiping har tradisjonelt vore byens viktigaste næringar, og Sarpsborg var i 1845 landets nest viktigaste utførselshamn for trelast. Etter ein stagnasjonsperiode som varte frå 1875 til 1880 fekk byen ein ny vekstperiode. Ein viktig faktor var oppbygginga av Borregaard til eit moderne industriføretak. Sarpsborg er framleis ein utprega industriby med særleg vekt på treforedlingsindustri og kjemisk industri. Begge bransjar er dominert av Borregaard (Orkla) ASA. Andre viktige bransjar er næringsmiddelindustri og verkstadindustri. Sarpsborgs er i vekst som handelsby, og har store delar av Indre Østfold som oppland. Sarpsborg er ei viktig utførselshamn, og dei viktigaste utførselsvarene er papirmasse, papir og kjemiske produkt.
Etter kommunesamanslåinga med omegnskommunene Skjeberg, Tune og Varteig i 1992 fekk Sarpsborg eit landareal på om lag 81 km2 dyrka mark og om lag 185 km2 produktiv skog. Det meste av den dyrka marka er knytt til produksjon av korn. Skogavverking er også ei viktig næring, som er dominert av avverking av gran.
Lokalavisa i Sarpsborg er Sarpsborg Arbeiderblad.
Kommunevåpenet
endreKommunevåpenet blei godkjent i 1966 og har ein gåande svart bjørn over ei svart borg mot ein gull bakgrunn. Motivet har bakgrunn i mellomalderseglet til byen, som viser ein bjørn på toppen av ein bygning. I 1567 blei byen flytta, og det var først i 1839 byen fekk tilbake byprivilegia; da med eit raudt skjold med ein gullkrone over to gull øksar. Seinare blei mellomalderseglet funne att, og blei frå 1966 brukt i dagens utforming.
Kjende sarpingar
endre- Oscar Torp (1893–1958), statsminister for Arbeidarpartiet
- Kjell Karlsen (1931–2020), musikar og orkesterleiar[1]
- Åge Sten Nilsen (1969–), frontfigur i glamrockbandet Wig Wam
- Raymond Kvisvik (1974–), fotballspelar
- Jens Arne Svartedal (1976–), langrennsløpar
- Jonas Holøs (1987–), ishockeyspelar
- Mohamed Elyounoussi (f. 1994), fotballspelar, landslagsspelar, voks opp i Sarpsborg
Kjelder
endre- ↑ Rockelegenden på Grorud. groruddalen.no. Vitja 11. mai 2020
«Sarpsborg» av Geir Thorsnæs / Kunnskapsforlagets papirleksikon i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Sarpsborg kommune (Offisiell nettstad)