Ringebu
Ringebu er eit sokn og ein tettstad i Ringebu kommune i søre Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.
Ringebu | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Ringebu | ||
Areal | 1,86 km² | ||
Folketal | 1 382 (2023) | ||
Folketettleik | 743 / km² | ||
Postnummer | 2630 RINGEBU | ||
Innbyggjarnamn | ringbygging | ||
Preposisjon | på Ringebu | ||
Ringebu 61°31′47″N 10°08′20″E / 61.52963889°N 10.13888889°E | |||
Wikimedia Commons: Vålebru |
Ringebu sokn
endreRingebu sokn har snautt 3 000 innbyggjarar og femnar om bygdene langsmed Gudbrandsdalslågen, frå Frya i nord til Tromsa og Moelva i sør, med tettstaden Ringebu og og den del av tettstaden Fåvang (Tromsnes) som ligg nord for Tromsa. Ringebu stavkyrkje frå 1200-talet ligg 3 km sør for tettstaden.
Ringebu tettstad
endreTettstaden Ringebu, òg kalla Vålebru eller Vålebrua, har 1 382 innbyggjarar per 1. januar 2023 og er administrasjonssenter i kommunen. Den voks fram som stasjonsby etter at Ringebu stasjon ved Dovrebanen blei opna i 1896. Namnet Vålebru kjem frå elva Våla, som renn gjennom sentrum, og dei to bruene som går over elva. På folkemunne kallar ein Ringebu sentrum (Vålebrua) for 'Brua', i motsetnad til 'skogen' som vert brukt om området Tollmoen/Tollskogen som ligg på vestsida av jarnbanen. Namnet Vålebru bruker ein mest for å unngå blanding mellom tettstaden Ringebu og Ringebu kommune.
Ringebu hadde det første gatetunet i landet, der hovudgata vart stengd for køyretøy og opna for gjengande. Føretaka trekkjer krambuer ut på gata, og det er ofte underhaldning i hovudgata (Jernbanegata). Jernbanegata er seinare bygd om fleire gonger, men har ivareteke gatetunet med forbod for køyrande, fartsdumper og fysiske sjikanar for å redusere på den nødvendige køyringa av vareleveransar, brann- og sjukebilar.
Ringebu Folkehøgskule ligg i tettstaden.
Folketalsutvikling på tettstaden Ringebu | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1900 | 205 | |||
1910 | 323 | |||
1920 | 345 | |||
1930 | 396 | |||
1946 | 809 | |||
1950 | 792 | |||
1960 | 1 010 | |||
1970 | 1 059 | |||
1980 | 1 494 | |||
1990 | 1 382 | |||
2000 | 1 276 | |||
2009 | 1 326 | |||
2012 | 1 314 | |||
Kjelder: |
Kjende personar frå Ringebu
endre- Kåre Bjørgen, forfattar
Sjå òg
endreKjelder
endre«Ringebu – tettstedet» i Store norske leksikon, snl.no.
Fotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Ringebu kommune
- Vêrvarsel for Ringebu Arkivert 2013-12-22 ved Wayback Machine., yr.no