66°18′46″N 14°8′34″E / 66.31278°N 14.14278°E / 66.31278; 14.14278

Norsk Jernverk i Mo i Rana i Nordland på 1950-talet.
Foto: L.S Båsmoen / Nasjonalbiblioteket

A/S Norsk Jernverk (stifta 19. juli 1946 i Mo i Rana, nedlagd 9. juni 1988) var eit norsk industriføretak, eigd av den norske staten. Opprettinga av jernverket vart vedteke av Stortinget for å gjera Noreg meir sjølvforsynt av stål, i tillegg til å bidra til styrking av landsdelen Nord-Noreg.

Den såkalla «Jernsakan» gjaldt Noreg si trong for å sikker forsyning av stålplater. I etterkant av andre verdskrig såg ein det som viktig å byggja opp innanlands produksjon. I staden for alternativet Orkanger vart Mo i Rana vald; her var det allereie rike førekomster av jernmalm, i tillegg låg staden nær kraftverket i Glomfjord.

Ved kjøp av Dunderland Iron Ore Company i Mo i Rana i 1947 og Rana GruberStorforshei i 1962 vart tilgjenge på malm sikra; hovudsakleg magnetisk magnetitt og lågmagnetisk hematitt.

Litteratur

endre
  • T. Grønlie, Jern og politikk 1945—1955. AS Norsk Jernverk — beslutningsprosessen fra plan til produksjon, Oslo 1973. Stortingsmelding nr. 38 (1978—79).
  • Unn Kristin Daling, Etableringa av norsk koksproduksjon; Norsk Koksverk A/S 1960-70, (1997/98), i «Jernverk og samfunnsendring. Tretten bidrag til historia om jernverket og Mo i Rana», Trondheim 2003

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Norsk Jernverk
  Denne historieartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.