Legnago

kommune i Italia

Legnago er ein by og ein kommune i provinsen Verona i Veneto-regionen i Italia. Kommunen har 25 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 79,7 km². Byen ligg på sørbreidda av elva Adige, 16 meter over havet, og 43 kilometer sørvest for provinshovudstaden Verona.

Salieri-teateret i Legnago

Legnago er eit grøderikt jordområde der det vert dyrka ris og andre kornslag, i tillegg til sukker og tobakk.

Byen vart mykje bomba under andre verdskrigen. Dagens by er difor relativt moderne i skapnad.

Komponisten Antonio Salieri vare frå Legnago.

Kjelder

endre