Eriesjøen
Eriesjøen (engelsk Lake Erie) er ein av dei store sjøane i Nord-Amerika. Sjøen grensar til delstatane Ohio, Pennsylvania, New York og Michigan. I nord grensar han til Canada. Eriesjøen er den trettande største ferskvass-innsjøen i verda. Sjøen har eit areal på 24 000 km² og har ei gjennomsnittsdjupn på 19 meter. Han inneheld 483 km³ vatn.
Eriesjøen | |||
innsjø | |||
Soloppgang over Eriesjøen nær Cleveland
| |||
Land | Canada, USA | ||
---|---|---|---|
Område | Grensa mellom Canada og USA | ||
Tilsig | Detroitelva | ||
Utløp | Niagaraelva | ||
Opphaldstid | 2,6 år | ||
Høgd over havet | 174 moh. | ||
Lengd | 388 km | ||
Breidd | 92 km | ||
Areal | 25 745 km² | ||
Middeldjupn | 19 m | ||
Største djupn | 64 m | ||
Volum | 484 km³ | ||
Kystlengd1 | 4 385 km | ||
Koordinatar | |||
Øyar | 24+ | ||
Byar | Buffalo Erie Toledo Monroe Cleveland | ||
Eriesjøen 42°15′00″N 80°59′59″W / 42.25°N 80.999722222222°W | |||
Wikimedia Commons: Lake Erie | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Sjøen er kalla opp etter irokesarstammen erie, som budde i sør for sjøen før europeiske nybyggarar dreiv dei vekk frå området.
Sjøen skaper gunstige tilhøve for jordbruk i dei omkringliggande områda i Ontario, Ohio, Pennsylvania og New York. Sjøen inneheld mange fiskeartar og er populær både for sportsfiske og profesjonelle fiskeri. Men, etter at høge ureiningsnivå vart oppdaga på 60- og 70-talet har det vore ein lang debatt om forvaltning av sjøen og fiskeria.
Dei fem store sjøane er Øvresjøen, Michigansjøen, Ontariosjøen, Eriesjøen og Huronsjøen.