Kopparstad
|
Kopparstad er ein av tre grunnkrinsar på Nerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre, og tilsvarar matrikkelgarden med same namn. Kopparstad grensar til grunnkrinsen Kvalsund i aust og Kvalsvik i nord.
Geografi
endreKopparstad strekkjer seg frå Søre Vaulen, og opp på Kvalsundfjellet, og frå Kvalsund grunnkrins til Skorpesundet. Kopperstad er rimeleg flatt nede med sjøen, før det går brattare og brattare oppover mot fjellet. Grunnkrinsen grensar mot Kvalsvik ved toppane Rjåhornet og Varden. Lenger nede i fjellet, inn mot grensa til Kvalsund, ligg Hestinghornet, og i andre enden av krinsen, nesten ned mot Skageneset, ligg Skagetåa. Mellom Skagetåa og Rjåhornet, ligg vatna Lisjevatnet og Lemevatnet. Fylkesveg 20 som kjem over til Kvalsund frå Bergsøya, endar på Kopparstad.
Slekstnamnet Kopperstad
endreDet er i underkant av 150 som har slekstnamnet Kopperstad.
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Kopperstad hjå Statistisk Sentralbyrå