Konventikkelplakaten
Konventikkelplakaten var ei lov som vart oppretta av Kristian VI 13. januar 1741 og gjorde det ulovleg for ein predikant å halda gudelege forsamlingar – konventiklar – utan godkjenning frå soknepresten.[1][2] Lova vart oppheva i 1842 og dette la grunnlaget for forsamlingsfridommen her i landet.
Lova var i utgangspunktet eit forsøk frå staten si side på å knebla dei radikale pietistane, som ikkje ville la seg binda av kyrkja sitt krav om einskap, men heldt frie møte utan godkjenning frå soknepresten. Med lova prøvde ein å bevara einskapen i kyrkja. Men vekkingsrørslene på slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet let seg ikkje stoppa. Predikanten Hans Nielsen Hauge vart særleg kjend for kampen mot konventikkelplakaten.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Konventikkelplakaten». Arkivverket. Henta 14. februar 2016.
- ↑ «konventikkel». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Konventikkelplakaten» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2010.