Iver O. Lunde
norsk politikar
Iver Olsson Lunde (2. november 1828–14. september 1904) var ein gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Vågå i Oppland.
Iver O. Lunde | |||
Fødd | 2. november 1828 | ||
---|---|---|---|
Død | 14. september 1904 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Lunde tok over farsgarden Lunde i Våga i 1859. Han var fleire år ordførar i heradsstyret, forlikskommissær og sparebankdirektør. Lunde representerte Kristians amt på Stortinget 1868-69 og 1871-73. I den fyrste perioden var han medlem av militærkomiteen, i den andre av kyrkjekomiteen.
Han døydde på slektsgarden i Våga i 1904.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914