Han-dynastiet
Han-dynastiet var ei kinesisk herskarslekt som hadde makta i Kina frå 200-talet f.Kr. til 200-talet e.Kr. Denne tida er rekna som ein gullalder i kinesisk historie, og dynastiet har gjeve namn til den største kinesiske folkegruppa, han-kinesarar.
Han-dynastiet var den første kulturelle blomstringsperioden etter at Kina vart samla i 221 f.Kr. Under dette dynastiet vart det innført eit strengt sentralisert embetsmannsstyre.
Dynastiet blir delt inn i to greiner, Vestre Han (206 f.Kr–8 e.Kr.) og Austre Han (23–220 e.Kr.). Mellom dei kom «opprørsdynastiet» Xin (9–23 e.Kr.).
Han-keisarar
endreLista oppgjev regjeringsår og identifiserer keisarane med deira ærenamn, som dei fekk etter at dei døydde.
Namn | Teikn | Regjeringsår |
Gāozŭ (Liu Bang) | 高祖 | 206–195 f.Kr. |
Hùidì | 惠帝 | 195–188 f.Kr. |
Lü Taihou | 呂太后 | 188–180 f.Kr. |
Liú Gōng | 劉恭 | 188–184 f.Kr. |
Liú Hóng | 劉弘 | 184–180 f.Kr. |
Wéndì | 文帝 | 180–157 f.Kr. |
Jĭngdì | 景帝 | 157–141 f.Kr. |
Wŭdì | 武帝 | 141–87 f.Kr. |
Zhāodì | 昭帝 | 87–74 f.Kr. |
Chāngyí Wáng Hè | 昌邑王賀 | 74 f.Kr. |
Xūandì | 宣帝 | 74–49 f.Kr. |
Yúandì | 元帝 | 49–33 f.Kr. |
Chéngdì | 成帝 | 33–7 f.Kr. |
Āidì | 哀帝 | 7–1 f.Kr. |
Píngdì | 平帝 | 1 f.Kr. – 6 e.Kr. |
Rúziyīng | 孺子嬰 | 6–9 |
interregnum | 9–23 | |
Gèngshĭdì | 更始帝 | 23–25 |
Gūangwŭdì | 光武帝 | 25–57 |
Míngdì | 明帝 | 57–75 |
Zhāngdì | 章帝 | 75–88 |
Hédì | 和帝 | 88–106 |
Shāngdì | 殤帝 | 106 |
Āndì | 安帝 | 106–125 |
Bĕixīang Hóu | 北鄉侯 | 125 |
Shùndì | 順帝 | 125–144 |
Chōngdì | 冲帝 | 144–145 |
Zhídì | 質帝 | 145–146 |
Húandì | 桓帝 | 146–168 |
Língdì | 靈帝 | 168–189 |
Hóngnóng Wáng | 弘農王 | 189 |
Xìandì | 獻帝 | 189–220 |
Kjelder
endre- Qin og Han-dynastiene. Store norske leksikon
- «Han-dynastiet» i Store norske leksikon, snl.no.Denne historieartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.