Ginny, Ginny
Singel av Slade
frå albumet Return to Base
B-side

Dizzy Mama

Utgjeve 25. mai 1979
Sjanger Rock
Lengd 3:39
Selskap Barn
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Slade
Slade-kronologi 
«Rock 'n' Roll Bolero»
(1978)
Ginny, Ginny «Sign of the Times»
(1979)


«Ginny, Ginny» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1979 som den første singelen frå det åttande studioalbumet deira Return to Base.[1] Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og var produsert av Slade sjølv. Songen gjekk ikkje inn på den britiske singellista.

«Ginny, Ginny» hadde opphavleg hatt titlane «Jeanie» og «Ginny Come and Get It While You Can» før bandet fann den endelege tittelen. I Storbritannia kom singelen ut på gulfarga vinyl i håp om at han ville selje meir.[2] Songen vart seinare gjeven ut som B-side til singelen «I'm a Rocker», som berre kom ut i Belgia.[3]

Format

endre
7"-singel
  1. «Ginny Ginny» - 3:50
  2. «Dizzy Mama» - 3:57

Andre versjonar

endre
  • I 1979-80 spelte Jim Lea inn sin eigen versjon av, «Jeanie, Jeanie», i lag med broren Frank som ein del av sideprosjektet The Dummies. Denne versjonen av songen kom ikkje ut før i 1992, då han kom ut på A Day in the Life of the Dummies, ei samling av innspelingane til The Dummies.[4]

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. «Slade - Return To Base at Discogs». Discogs.com. Henta 14. oktober 2021. 
  2. «Slade - Ginny, Ginny (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 13. oktober 2021. 
  3. «Slade - I'm A Rocker / Ginny, Ginny - WEA - Belgium - WEAL 18333». 45cat. Henta 13. oktober 2021. 
  4. «The Dummies (3) - a day in the life of The Dummies (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 12. oktober 2021.