Fritz Lorck
Frederik Christian Lorck (2. juli 1815–9. mai 1901), kjend som Fritz Lorck, var ein handelsmann og stortingsmann frå Trondheim.
Fritz Lorck | |||
Frederik Christian (Fritz) Lorck Foto: Aune/Trondheim Byarkiv | |||
Fødd | 2. juli 1815 Trondheim | ||
---|---|---|---|
Død | 9. mai 1901 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, handelsmannn, Konsul i diplomatiet | ||
Alle verv |
|
Lorck var son til ein handelsmann. Han vart student frå Fredrikshalds skole i 1834 og arbeidde seinare på eit handelskontor i Hamburg. Deretter dreiv han eigen handel i fødebyen.
Lorck var medlem av bystyret i Trondheim i 25 år, ordførar i åtte av dei. Han var medlem av representantskapen i Noregs Bank frå 1854 fram til 1875, då han vart direktør, ein posisjon han hadde i ni år. I 1855 kom han med i ein kongeleg kommisjon vedkomande mellomrikslova.
Lorck møtte på Stortinget fyrste gongen i 1863 frå 26. februar. Han var då 1. varamann for Trondheim og Levanger, møtte i staden for Ove Høegh både då og på omframstortinget i 1864. Fast plass på Stortinget frå 1865 til -69, og på ny frå 1874 til -79. Også perioden 1883-85 var han stortingsmann. Han var medlem av tollkomiteen 1863 og 1865-66, budsjettkomiteen 1865-66, 1868-69 og 1877-79, jarnbanekomiteen 1868-69 og 1883-85, bankkomiteen 1874, næringskomite nr 2 1875-76, røysterettskomiteen 1875-77 og skattekomiteen 1875-79. I sin siste sesjon, 1885, var han permittert frå 15. mai. Han slutta seg til partiet Høgre då det vart danna.
Lorck døydde i Trondheim i 1901.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Fritz Lorck NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv