Biokjemi er studiet av kjemiske prosessar i levande organismar. Vitskapen tek for seg struktur og funksjon av ulike biomolekyl, til dømes protein, lipid, sukker, DNA og RNA.

DNA er eit biomolekyl.

Studiet av biomolekyl er nært knytt til cellebiologi, genetikk, mikrobiologi og organisk kjemi. Det er stor variasjon innanfor desse molekyla, men mange av dei har det til felles at dei er bygd opp som polymerar av mange mindre partiklar (monomerar). Protein er til dømes bygd av lange kjeder med ulike aminosyrer.

Sjå òg

endre
Biologi
anatomi | astrobiologi | biokjemi | bioinformatikk | botanikk | cellebiologi | evolusjonsbiologi | fysiologi | genetikk | genomikk | humanbiologi | marinbiologi | mikrobiologi | molekylærbiologi | abiogenese | paleontologi | parasittologi | taksonomi | utviklingsbiologi | zoologi | økologi
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.